Vi har sett på snittalderen til laga i kampane mot Norborg. Her er Herd2 det yngste laget med ein snittalder på 19,27, medan Guard er eldst med sine 31,33 år. Norborg har ein snittalder på 23,29 år og plasserer seg i midtsjiktet. Oransjetrøyene stilte sin yngste tropp i siste serierunde mot Guard (21,81) og den eldste i bortekampen mot Fjørtoft (24,64). Dei tre laga som rykte ned har dei eldste laga.
| Lag | Snittalder Vår | Snittalder Haust | Snitt |
|---|---|---|---|
| Herd2 | 19,14 | 19,39 | 19,27 |
| Langevåg | 20,71 | 21,11 | 20,91 |
| Volda2 | 22,17 | 21,77 | 21,97 |
| Stranda | 22,97 | 22,88 | 22,93 |
| Ellingsøy | 23,28 | 22,90 | 23,09 |
| Norborg/BIL2 | 23,48 | 23,09 | 23,29 |
| Skodje | 24,06 | 22,70 | 23,38 |
| Blindheim | 23,00 | 24,14 | 23,57 |
| Hovdebygda | 25,67 | 23,99 | 24,83 |
| Sæbø | 28,15 | 26,91 | 27,53 |
| Fjørtoft | 28,78 | 28,26 | 28,52 |
| Guard | 31,38 | 31,27 | 31,33 |


Norborg/Brattvåg2 spelte 3-3 mot Stranda i sin siste bortekamp for året og vart krinsmeistrar ettersom Blindheim tapte for Langevåg. Sjølve kampen mot Stranda var ikkje like solid som vi har vore vande med i haust. Stranda hadde gjort heimeleksa si og passa godt på spiss Magnus Austbø Seth, samstundes som dei slo til med raske angrep. Eit mål vart det likevel på Seth, som no har scora i 8 strake kampar. Heile tre gongar var Stranda i føringa, men Norborg/BIL2 sine spelarar skal ha honnør for god moral med å kome tilbake kvar gong. Poengdeling var eit greit utfall i ein kamp Norborg hadde ballen mest, men Stranda hadde like mange sjansar. Stranda er dermed det einaste laget Norborg ikkje har slått i år sidan kampen i Uggedalen enda med 4-4. Jesper Vos var Norborg sin beste spelar med to mål og fleire gode involveringar etter at han entra bana ti minutt før pause.