Norborg feirar KM-tittel med gratis inngang og kake!

Torsdag kl 1830 er det klart for årets siste kamp då Guard gjestar Uggedalen. Det er ein sesong som har flydd av garde og forventingane blitt innfridd. Det har vore rett kjekt å fulgt laget denne sesongen, så vi håper mange trossar haustveret og tek turen til Uggedalen denne kvelden for å få seg litt kake og sjå offensiv fotball. Kake får du på klubbhuset frå kl. 1800. Vi nemner også at det er siste kamp for Jenter 12 kl. 1830.

Tarjei Urkedal har fått nok kake i si lange karriere og blir ikkje med, men Nikolai Jensen og kanskje Kristoffer Søviknes er på plass. Vi gratulerer i alle fall den nybakte pappaen. Jonas Holmeset og Anders Toven er også aktuelle. Thomas Aarsund har slitt med ein strekk, så spørs det om han vil risikere noko i siste kamp.

Guard er ein av dei eldste fotballklubbane på Sunnmøre. For nokren år sidan så fann vi ei avis frå 1946. Der var det kampreferat frå 2. divisjonskampen mellom Rollon 2. lag og Guard. Guard tapte den kampen 10-0. Spesielt interesserte kan lese referatet her. Guard har ikkje tapt med ti mål i år, men var nær å gjere det sist gong dei møtte Norborg. Spelaren å sjå opp for er Joakim Bendal. Etter at han kom frå Rival før 2015 sesongen så har han scora rundt 70 mål på 51 kampar. I år er han på 3. plass på toppscorarlista i 5. divisjon med minst 16 mål (måla frå Guard sin 7-3 siger over Sæbø har ikkje blitt lagt inn). Den mest kjente spelaren på laget er derimot den tidlegare AaFK-spelaren og trenaren Trond Fredriksen. Han har gode minner frå Uggedalen då han i 2014 som 2. lagstrenar for AaFK sikra opprykket til 2. divisjon med 2-1 over Norborg.

Dette er det tjuande seriemøtet mellom Norborg og Guard. Heile 18 av oppgjera vart spelt mellom 1969 og 1983, og dei resultata vi har så viser det at Norborg har hatt eit godt tak på bylaget. Det trur vi held fram også denne torsdagskvelden.

Dommar: Per-Inia Brekke (Hareid)
Assistentar: Norvald Lausund (Lepsøy) og Øyvind Kringstad (Valder)

Tidlegare resultat Norborg-Guard:
1969: 3-1 / 1-1
1970: 2-0 / ?
1971: ? / 3-0
1972: ? / ?
1974: 0-1 / 4-1
1975: 3-1 / 3-0
1979: 2-0 / 4-3
1980: 4-1 / 2-1
1983: ? / ?
2018: x-x / 9-0