Ronald Søvik Olsen er på topp i vår tabellkonkurranse for 4. divisjon når 12 runder er spelt.
Tapte for Larsnes/Gursken
Norborg/Brattvåg2 tapte første haustkamp med 1-0 for Larsnes/Gursken på Larsnes stadion. Eit straffemål av Gustav Dimmen i 77. minutt skilde laga. Les meir..
Påmelding Veten Opp
Det er no opent for å melde seg på motbakkeløpet “Veten opp” som arrangerast søndag 1. september. Påmelding ved betaling av kr. 150,- til konto nr. 3901.31.02744. Merk med deltakarnamn. Påmeldinga er bindande.
Løpet startar på Søvik badestrand kl. 1130 og følger den vanlege vegen opp. Det blir startnummer, tidtaking og premiering i herre- og dameklassa. I fjor vann Lars Rimereit (Eidsdal IL) med tida 35 min og 4 sekund, som dermed reknast som løyperekord.
- premie: 1500,- 2. premie; 1000,- 3. premie: 500,-
For dei som ikkje vil bli med i konkurranse, men vere med på den vanlege Veteturen, så blir det registrering på toppen mellom kl. 12 og 14. Som før vert det kåring av Vetemester i hesteskokasting. Kiosk med sal av pølse med brød, kaker, kaffe/te og brus. Trekning av gevinster blant dei registrerte. Bli med og nyt utsikta!
Herrelaget vann Øyacup
Herrelaget vann finalen under årets Øyacup på straffesparkkonkurranse over Lepsøy.
Les meir
Uavgjort mot FK Sykkylven
Norborg/Brattvåg2 spelte 2-2 mot FK Sykkylven i ein treningskamp på Dalemyra. Ole Johan Urke og Gard Rogne scora for dei oransje.
Øyacup 2019: 2. plass til damene
Norborg sitt damelag spelte seg fram til finalen av Øyacup for første gong i historia. I finalen vart diverre arrangørlaget HaNo for sterke. På biletet frå venstre: Tuva Bjørbekk, Martina Grytten, Anna Mikalsen, Yvonne Engeset Remme, Heidi Remmereit, Anette Rogne, Elisabeth Pilskog, Gabrielle Kar, Silje Søvik og Heidi Haram.
Lepsøy – Norborg 0-4 Mål: Gabrielle Kar 2, Elisabeth Pilskog og Tuva Bjørbekk.
Norborg – HaNo 1-1 Mål: Anette Rogne
Norborg – The retro team 3-1 Mål: Yvonne Engeset Remme, Therese Engeset Remme og Heidi Haram
Finale: HaNo – Norborg 4-2 Mål: Yvonne Engeset Remme og Gabrielle Kar.
Vi gratulerer damene med ein flott 2. plass.
Treningskamp mot FK Sykkylven
Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Dalemyra stadion for å møte 5. divisjon sitt leiarlag FK Sykkylven i treningskamp. Laga møttast også i april. Den gong vann Norborg/Brattvåg2 6-2. Eit par mann manglar, men ein ønsker Vidar Nilsen Rogne tilbake etter brotet han drog på seg i mai.
Kampstart kl. 1900.
Fair Play: Volda på topp!
Volda toppar fair play-tabellen når vårsesongen er gjennomført i 4. divisjon. På dei 11 kampane har dei berre fått 9 gule kort. Det er to mindre enn Norborg/Brattvåg2, som innehar 2. plassen sjølv om ein har fått eitt raudt kort. Sist på denne tabellen finn vi Larsnes/Gursken, som har fått heile 25 gule og 1 raudt kort. Flest raude kort har Bergsøy og Hareid fått med tre kvar.
Abelseth og Seth har spelt mest
Tor Abelseth og Magnus Austbø Seth har flest minutt på bana for Norborg/Brattvåg2 i vårsesongen. Totalt har 32 spelarar kome på bana i dei 11 kampane. For dei som er interessert i å vete kor stor andel Brattvåg A-spelarar har blitt nytta så er dette talet 1,65 spelarar i snitt pr. kamp. Patrik Hjelmseth er den som har spelt mest av desse med 398 minutt fordelt på 5 kampar. Neydson Da Silva har 360 minutt på 4 kampar.
Dei 16 mest nytta spelarane: