Norborg/Brattvåg2 – Bergsøy 1-4 (0-3)

Norborg/Brattvåg2 – Bergsøy 1-4 (0-3)
4. divisjon, Uggedal stadion, 30.08.2019

Sjansar: 4-11
Cornere: 4-5
Avslutningar på mål: 4-11
Avslutningar utanfor: 4-5
Blokkerte avslutningar: 1-2

0-1 Trym Rekkedal (8)
0-2 Magnus Myklebust (27)
0-3 Franjo Tepuric (45)
1-3 Gard Sæterøy Rogne (53)
1-4 Sjølmål (62)

Bergsøy viste seg som det beste laget i Uggedalen torsdag kveld. Spesielt Magnus Myklebust og Franjo Tepuric skapte store problem for heimelaget og la grunnlaget for ein komfortabel siger til gjestane.

Det var likevel heimelaget som trykte på i opningsminutta og pressa laget frå Fosnavåg til å gi frå seg tre hjørnespark på rappen. Diverre utan resultat, og då Bergsøy gjorde 0-1 nokre minutt seinare, såg trua på siger ut til å forsvinne for oransjetrøyene. Scoringa kom etter at keeper Ronald Søvik Olsen glimrande redda Franjo Tepuric forsøk til corner. På corneren heada Tepuric inn til Trym Rekkedal, som feide ballen i nettaket.

Bergsøy fekk etter scoringa gjere omtrent som dei ville. Norborg var stadig på etterskot og hadde svak defensiv organisering. Heller ikkje det offensive fungerte med løysningar som var lett å lese. Bergsøy vann dermed stadig ballen rundt midtstreken og fekk kjørt angrep med Myklebust og Tepuric i hovudrolla. Myklebust snurra sjølv inn 0-2 frå kloss hald, medan Tepuric gjorde 0-3 på overtid av omgangen med eit velplassert skot frå 15 meter.

Gard Sæterøy Rogne stod bak dei fleste av Norborg sine angrep og få minutt ut i 2. omgang testa han skotfoten frå nær 20 meter, men forsøket gjekk like utanfor. Nokre minutt seinare var så foten innstilt og ballen fauk i nota oppe ved vinkelen til 1-3. Bergsøy sleit i denne perioden med å få tilbake det trykket og rytmen ein hadde i angrepet før pause, men så fekk dei god hjelp til å gjere 1-4 då Anders Toven slengte fram tåa og putta ballen forbi eigen keeper. Håpet om poeng var ute, men Norborg leverte ein absolutt godkjent omgang og både Ruben Holmeset, Per Kristian Hildre og Toven hadde gode sjansar til å score. Bergsøy hadde også sine forsøk og keeper Olsen fekk vist fram fleire redningar.

Trioen Ronald Søvik Olsen, Kjell Terje Brusdal og Gard Sæterøy Rogne var heimelaget sine beste spelarar. Diverre mangla det litt på det kollektive i denne kampen, spesielt før pause, men så må vi ta med at Bergsøy hadde eit godt lag med fleire spelarar med rutine frå landets 2-3 øvste divisjonar.

-Bergsøy har gode og kloke spelarar. Når vi gir frå oss for mange lette ballmiss i perioder og gir “bort” mål på dumme tidspunkt og situasjoner gjer vi det vanskelig for oss sjølve. Vi får stå på vidare. Erfaring og klokskap kjem av å hauste erfaringer, i dag gav Bergsøy oss ei erfaring vi må ta lærdom av, sa trenar Kristian Søviknes.

Neste oppgåve er borte mot Valder torsdag 5. september kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik (Jonas Holmeset, 83), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth (Tobias Jensen, 83),  Marius Fylling Rogne – Gard Sæterøy Rogne, Nikolai Jensen (Anders Toven, 46), Ådne Hellandsvik – Per Kristian Helle Hildre (Eirik Koppen Vågnes, 83), Ole Johan Urke (Siver Davik, 46), Fredrik Hurlen (Ruben Holmeset, 68).


Magnus Myklebust (til venstre) og Franjo Tepuric (nærmast) skapte trøbbel for Tor Abelseth, Kjell Terje Brusdal og dei andre Norborg-spelarane.