IL Norborg inviterer alle i Norborg mellom 6 og 12 år til keepertrening i Uggedalen 06.november klokka 1400. Treninga blir ved Lilja Vestre som er ein ung og talentfull keeper, med teft for keepertrening. Påmelding er gratis og det blir open kiosk, slik foreldre kan få seg ein kaffekopp eller lignande under økta. Økta vil vere frå 14 til cirka 1530 😊
Påmelding med navn til bornet, foreldre og telefonnummer sendast til trenerveileder@norborg.com innan fredag 04.november klokka 1700.
.





Norborg/Brattvåg2 tok eit solid steg mot fornya 4. divisjonskontrakt etter 2-0 siger over Hareid på Uggedal KGB i kveld. Medan ein opplagt keeper Ronald Søvik Olsen stengte buret så forærte Hareid sin keeper Norborg og Tarjei Gjerset Urkedal 1-0 då han 12 minutt ut i kampen bomma på ballen og Urkedal kunne sette ballen i tomt mål. Hareid skapte fleire store sjansar, men denne kvelden nekta Olsen å sleppe inn mål. Like før slutt sikra Thomas Aarsund poenga då han klinka inn 2-0 på frispark frå 28 meter. 