Norborg/Brattvåg2 stod med 6 strake bortesigrar over Hareid, men i kveldens kamp måtte ein sjå seg slått 2-1. Martin Fylling Koch ga dei oransje leiinga etter ein dryg time, men Kristoffer Stranden og den tidlegare Lillestrøm-keeperen Arnold Otieno Origi (søskenbarnet til Liverpool-helt Divock Origi) snudde kampen i løpet av dei ti siste minutta. Dermed står Norborg med tre strake tap og har fått botnlaga opp i ryggen.
Fortent tap mot Langevåg
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått heile 0-4 av Langevåg torsdag kveld. Gjestane fekk ein perfekt start då Håkon Sværen scora eitt og eit halvt minutt ut i kampen. Like før pause dobla Eirik Hurlen leiinga på straffe i ein sjansemessig jamn omgang. Norborg yppa seg i starten av 2. omgang, men kom ikkje nærmare enn eit stolpeskot av Thomas Whalen. Mot slutten rakna heimelaget og Langevåg scora to mål. Først ved Ask Veddegjerde på eit skot utanfor 16 meteren, så på volley av Hurlen etter frispark. Fortent siger til gjestane, men i største laget etter spel og sjansar.
Kampreferat.
Heimekamp mot Langevåg torsdag kl. 1830
Norborg/Brattvåg2 tek imot Langevåg på Uggedal stadion torsdag kl. 1830. Ei perfekt oppvarming til landskampen kl. 2045.
Brattvåg/Norborg vann toppkamp!
Brattvåg/Norborg vann den tøffe bortekampen mot Stordal med heile 1-4 på søndag. Zascha Stage Clausen ga Brattvåg/Norborg tidleg leiinga, men Marie Larsen Stavseng utlikna eit kvarter før pause. I 2. omgang scora Clausen nok ein gong eit tidleg mål, før Sunniva Johansen og Jeanette Otterlei Koppen trygga leiinga.
Tapte 9-målsdrama på Moa
Herd – Norborg/Brattvåg2 5-4 (3-2)
1-0 Mathias Sæther (1)
2-0 Scott Fellows (17)
3-0 Erlend Fjeldstad (20)
3-1 Tobias Jensen (23)
3-2 Eirik Koppen Vågnes (29)
4-2 Mathias Sæther (str. 50)
5-2 Sjølvmål (57)
5-3 Tobias Jensen (59)
5-4 Magnus Otterlei (79)
Norborg/Brattvåg2 fekk ein grusom start på kampen og låg under 3-0 før tjue minutt var passert, men kjempa seg tilbake i kampen før pause med to reduseringer. Starten på 2. omgang var omtrent like grusom som den første og Herd var igjen tilbake i 3-målsleiing. To mål som seiast å ikkje ha blitt godkjent om det var VAR i 4. divisjon. Norborg/Brattvåg2 kjempa seg igjen tilbake i kampen med to mål, men måtte altså reise poenglause heim. Kampreferat.
Storsiger til damelaget
Brattvåg/Norborg vann heile 11-0 over Vigra på Brattvåg stadion. Fride Christine Lianes (3), Zascha Stage Clausen (3), Vibecke Koppen Krogsæter (2), Anne Margrethe Ulla Staurset, Sunniva Johansen og Emilia Zlotnicka scora. Laget har fått ein god start på sesongen med 10 poeng på 4 kampar. Søndag er det toppkamp borte mot Stordal.
Koch dobbel redda poeng mot Rollon
Martin Koch vart dagens helt då han redda eitt poeng for Norborg/Brattvåg2 då han satte inn 2-2 fire minutt før slutt. Koch var også spelaren som gjorde 1-0, men tre svake minutt midtvegs i 1. omgang førte til at Rollon snudde kampen ved Marius Myking Waagan og straffemål av Adrian Blindheim. Rollon hadde sine sjansar i opningskvarteret av 2. omgang til å auke leiinga si, men avslutningane traff ikkje innanfor stolpane. På slutten satte heimelaget inn ein sluttspurt og var nær ved å behalde alle poenga. Poengdeling var likevel det mest rettvise.
Kampreferat
Heimekamp mot Rollon fredag kl. 1830
Fredag er det klart for 4. divisjonskamp i Uggedalen då Rollon er gjestar. Både Norborg/Brattvåg2 og Rollon står med 7 poeng på dei 4 første kampane. Kven som fortsatt vil halde følge med tetstriden finn du ut ved å møte opp på Uggedal stadion kl. 1830. Vél møtt!
Sigra over SIF/Hessa i jubileumskampen
Norborg/Brattvåg2 slo tilbake etter nedturen mot Blindheim sist veke og vann 1-2 borte mot SIF/Hessa i det som var Norborg sin seriekamp nr. 1000 sidan starten i 1968. Det starta likevel ikkje så bra for oransjetrøyene. Etter at begge lag hadde hatt sine forsøk i opningsminutta gjorde Mathias Sandø 1-0 for heimelaget eit kvarter ut i kampen då Sondre Kjølsøy kom seg rundt på høgrekanten og la flatt inn til Sandø som putta frå kloss hald. Omgangen var jamn og kunne med marginar sett fleire mål enn det eine som kom. Heimelaget opna best etter pause, men keeper Ronald Søvik Olsen tok fram det beste i seg og hindra mål. I staden er det Anders Toven som header inn utlikna etter corner av Martin Fylling Koch. Norborg er no på hogget og nokre minutt seinare peikar dommar på straffemerket etter at ein SIF-spelar handsar i straffefeltet. Thomas Aarsund sette straffa sikkert i mål. Begge lag hadde sine sjansar den siste halvtimen, men fleire mål vart det ikkje. Dermed tre herlege poeng heim til Haramshalvøya. Trenar Marius Rogne var sjølvsagt ein glad mann etter kampen: – Godt å slå tilbake med tre poeng. Vi er ikkje strukturert nok i 1.omgang sjølv om vi skaper nokre gode sjansar. Vi finn tilbake til vår “fighting spirit” utover i kampen og kjempa inn sigeren. Så er det berre å takke vår bestemann Ronald Olsen for at han gjer det mogeleg for oss å ta sigeren. Heia Norborg, sa trenar Marius Rogne etter kampen.
Kampreferat.
Seriekamp nummer 1000!
Norborg/Brattvåg2 tek fredag turen til Siffen for å møte 4. divisjons topplag Skarbøvik/Hessa. Dette er Norborg sin seriekamp nr. 1000 sidan starten i 1968. Oransjetrøyene får frå sist tilbake Ronald Søvik Olsen og Tobias Flem Hellem frå skade, medan Ivan Håvik Berntsen er tilbake frå sjøen.
Kampstart kl. 1830.