Norborg/Brattvåg2 – Herd 0-3 (0-2)

Norborg/Brattvåg2 – Herd 0-3 (0-2)
4. divisjon, 16.09.2022, Uggedal KGB

Sjansar: 2-11

0-1 Kristian Flovik (3)
0-2 Kristian Flovik (34)
0-3 Eirik Halkjelsvik (84)

Herd var det beste laget og tok tre fortente poeng under sure speletilhøve på Uggedal KGB fredag kveld. Norborg gjorde ein grei defensiv innsats, men sleit med å skape det heilt store offensivt mot eit ballsikkert gjestelag.

Herd starta kampen med motvind, men det påvirka ikkje laget nevneverdig og la umiddelbart eit voldsamt trykk på heimelaget. Allereie før minuttet var spelt vart den første store sjansen skapt, men avslutninga vart stoppa av keeper Ronald Søvik Olsen. Det gjekk likevel ikkje meir enn eit par minutt før ballen låg i nota då Kristian Flovik regelrett tåa ballen i mål oppe i vinkelen frå om lag 12 meter.

Norborg sleit kraftig med Herd si venstreside den første halvtimen og kunne vere glade for at det fortsatt berre stod 0-1, men i det 35. minutt tok Flovik saka i eigne føter, kom seg inn i 16 meteren, gjorde eit par finter og klinka ballen i nota til 0-2. Norborg fekk etter dette betre kontroll defensivt, men skapte lite offensivt. Eit skot over frå Eirik Vågnes frå 18 meter, og eit vådeskot som gjekk like utanfor tomt mål frå Tarjei Urkedal då keeper var ute på ein liten skovtur, var det nærmaste ein kom nettkjenning før pause.

Herd starta også 2. omgang best og Flovik var nær sitt tredje mål for dagen to minutt ut i omgangen, men avslutninga gjekk i stolpen. Trass i at Norborg spelte i motvind, så var ein likevel meir med i banespelet i denne omgangen. Ti minutt ut i omgangen var Tarjei Urkedal nær redusering då han mottok ballen like utanfor 5-meteren etter at keeper ga retur på eit skot frå Magnus Otterlei, men Urkedal si avslutning gjekk over mål. Tidenes målscorar i Norborg må dermed fortsatt vente på sitt første mål etter comebacket i haust.

Herd hadde i resten av omgangen grei kontroll på Norborg og auka til 0-3 nokre minutt før slutt då Eirik Halkjelsvik pirka ballen over streken etter litt klabb og babb inne i Norborg sin målgard. Fortent 3-målssiger til Herd mot eit Norborg-lag som heva seg etter den svake forestillinga mot Rollon sist veke.

Norborg/Brattvåg2 sin neste kamp er borte mot Langevåg torsdag kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Jensen (Stian Fjørtoft Klokk, 86), Anders Toven, Tor Abelseth, Tobias Flem Hellem (Kristoffer Søviknes, 73) – Martin Koch (Elias Austbø Seth, 86), Eirik Vågnes, Tarjei Urkedal – Markus Hammerbekk Lewis, William Jensen Grytten (Jesper Vos, 60), Magnus Otterlei.

*** Tor Abelseth
** Ronald Søvik Olsen
* Eirik Vågnes