Laurdag 14.oktober blir der open dag på Uggedal Stadion!
Det er eit heilt gratis arrangement som er opent for alle. Om ein vil spele fotball med familien, venar eller
berre for seg sjølv kan ein kome. Det blir utlån av ballar frå klokka 12 til klokka 14. Her er inga begrensing i alder.
Det er heller ingen påmelding, så kom som du er.
Vi håpar du tar med deg nokon du kjenner, og blir med på ein leiken dag med fotball. Det kan hende det blir kiosk!
Er det nokon som ynskjar å begynne med organisert fotball no, eller etter den opne dagen, må ein berre ta kontakt med
leiar Lena Toven (402 37 404), eller trenarrettleiar Marius Koch Rogne (481 00 098).

Norborg/Brattvåg2 tok eit solid steg mot fornya 4. divisjonskontrakt etter 2-0 siger over Hareid på Uggedal KGB i kveld. Medan ein opplagt keeper Ronald Søvik Olsen stengte buret så forærte Hareid sin keeper Norborg og Tarjei Gjerset Urkedal 1-0 då han 12 minutt ut i kampen bomma på ballen og Urkedal kunne sette ballen i tomt mål. Hareid skapte fleire store sjansar, men denne kvelden nekta Olsen å sleppe inn mål. Like før slutt sikra Thomas Aarsund poenga då han klinka inn 2-0 på frispark frå 28 meter.
Kaptein Tor Juul Abelseth (24) nådde sist veke 150 A-kampar for Norborg etter å ha debutert mot Tomrefjord 17. februar 2016. Ørskogbygdaren er dermed berre 14 kampar bak Hans Edvard Nordang i å vere den spelaren som har flest A-kampar for Norborg utan å ha vore busett i Norborgland. Midtstopparen har scora 12 mål, fått med seg ein KM-tittel i 5. divisjon i 2018, og vart kåra til Årets spelar i 2019.
Norborg/Brattvåg2 banka botnkollega Emblem 2-6 på Ebbemyra sist torsdag. Norborg var effektive og gode før pause og leia 4-0. Emblem gjorde ein betre 2. omgang, men kunne ikkje hindre at dei oransje leia 6-0 før det vart pynting på resultat mot slutten. Magnus Otterlei var kampen sin store spelar med tre mål. Henrik Hurlen laga det viktige førstemålet to minutt ut i kampen, medan Erlend Blø scora sitt første mål i den oransje trøya. Martin Koch gjorde sitt 7. mål for året før han gjekk av bana til pause og gjorde plass til Tarjei Gjerset Urkedal sitt comeback på sin 40-årsdag. Urkedal spelte sist gong i oktober 2018.