Norborg/Brattvåg2-Aksla 1-5 (0-3)

Norborg/Brattvåg2-Aksla 1-5 (0-3)
4. divisjon, Uggedal KGB, 29.09.2023

Sjansar: 4-17

0-1 Dragoti Esmerald (1)
0-2 Daniel Slotsvik (6)
0-3 Alexander Volle (17)
0-4 Mohammad Reza Abouzari (51)
1-4 Robert Dulgheru (57)
1-5 Amund Rolland Roth (90)

Aksla gjekk aggressivt til verks og hadde to baller i nota allereie før minuttet var spelt. Det første vart annullert for offside, mens Dragoti Esmerald sitt mål vart ståande. Norborg fekk lite til og fekk bølge på bølge mot seg. Fem minutt etter leiarmålet sette Daniel Slotsvik inn 0-2 då han fekk ein stikker i bakrom og scora med ei presis avslutning inne ved lengste stolpe. Aksla sitt press fortsette og etter nokre bom sette Alexander Volle inn 0-3 på corner.

Aksla roa seg noko etter dette voldsame opningskvarteret, samstundes som Norborg gjorde eit par taktiske grep for å få meir aggressivitet inn i midtbana. 0-3 stod seg dermed til pause.

Like etter sidebyte var Norborg nær redusering då William Grytten gjekk på eit sugande løp frå eigen 16 meter og fekk ballen servert i bakrom, men åleine med keeper var det sistnemnde som vann duellen. I staden for 1-3 vart det 0-4 to minutt seinare då Mohammad Reza Abouzari vann ein duell ute på venstrekanten, tok med seg ball inn i 16 meteren og sette den enkelt i mål. Norborg var likevel meir med i denne omgangen og reduserte til 1-4 på eit perleskot av Robert Dulgheru. Frå 22 meter klinka han ballen i mål oppe ved vinkelen.

Mot slutten av kampen fekk Aksla stadig meir rom mot slitne Norborg-spelarar og heilt på tampen sette Amund Rolland Roth inn 1-5 på eit skot som gjekk via ein Norborg-forsvarar og i boge over keeper før den dalte ned i mål inne ved stolpen.

Norborg står framleis utan heimesiger i årets sesong, og har no berre ein sjanse igjen til å hindre at ein går ein heil sesong utan heimesiger for første gong sidan 1968. Siste heimekamp er mot Hovdebygda 13. oktober. Til den kampen må det mobiliserast, men først skal ein ut i bortekamp mot Bergsøy fredag 6. oktober.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Stian Fjørtoft Klokk, Elias Austbø Seth, Tor Abelseth, Kjell Terje Brusdal – Robert Dulgheru, Emil Hansen Sandbakk (André Larsen, 36) (Rogne, 57) (Kajendran, 75), Ivan Berntsen Håvik, Kevin Kajendran, William Jenssen Grytten (Lars Mikalsen, 27) – Marius Koch Rogne (Grytten, 46).