Æresmedlem i Norborg, Helge Sigurd Uggedal, vart sist måndag 70 år ung. I det høve fekk han før kampen på torsdag overrekt blomar av sportsleg leiar Kristoffer Søviknes. Helge har vore medlem av IL Norborg sidan starten av 1962, medlem nr. 2, syns vi å huske han sa for nokre år sidan, og vart i 2002 æresmedlem. For utan å ha spelt 233 A-kampar, har han hatt fleire styreverv, dømd hundrevis av kampar, vore trenar, speaker, revisor, og er den dag i dag aktiv som kampvert på A-laget sine heimekampar. Alltid engasjert, alltid med glimt i auget og eit smil aldri langt unna. Vi takkar for ditt stadige engasjement i Norborg og alltid gode diskusjonar. Gratulerer med overstått dag!
Category Archives: Ukategorisert
Norway Cup 2018
Våre naboklubbar Brattvåg og Ravn stiller med til saman fire lag på årets Norway Cup. På linkane under finn du kampar og resultat.
Brattvåg J15
Brattvåg City G16
Brattvåg United G16
Ravn J16
5. divisjon torsdag
Sæbø – Herd2 1-2 (1-1)
Bjørnar Holen gav heimelaget leiinga, men Herd2 utlikna ni minutt før pause og sikra tre poeng tre minutt før slutt. Herd2 fekk dermed luke ned til dei to botnlaga og passerte også Guard på tabellen grunna betre målskilnad.
Stranda – Volda2 2-1 (1-0)
Øyvind Fjørstad ga Stranda leiinga tidleg i kampen etter corner. Volda2 utlikna like etter pause, men Tobias Hjelle sikra heimelaget alle poenga med sitt mål eit kvarter før slutt.
Fjørtoft – Langevåg 1-2 (1-0)
Hans Edvard Nordang ga heimelaget leiinga på straffe, men Vinjar Vedde utlikna like etter pause og ti minutt før slutt sørga Sebastian Nordal for siger til Langevåg. Fjørtoft gjekk dermed gjennom vårsesongen utan siger.
Tor Grande nok ein gong til topps!
Tor Grande gjekk nok ein gong til topps i vår tippekonkurranse. Sist gong vann han på loddtrekning, men denne gong fekk han dobbelt så mange riktige som nestemann på dei tre spørsmåla vi stilte. Tor får velge mellom Norborg-genser, Norborg-ryggsekk og å bli banemann igjen, som premie!
Tippekonkurranse avslutta!
Vi har mottatt 28 forslag i vår tippekonkurranse høve kampen mellom Norborg/BIL2 og Stranda. Vi takker for deltakinga og kjem tilbake med vinnar i løpet av fredagen.
Heimekamp mot Langevåg torsdag kl. 1830
Norborg/Brattvåg2 tek torsdag imot Langevåg til eit viktig toppoppgjer på Uggedal stadion. Vel møtt!
5. divisjon: runde 7
Vårsesongen er over halvspelt og sjølv om det er veldig jamt frå 3. til 10. plass, begynne vi å sjå konturane av laga sine styrkeforhold. To lag har starta å skilt seg ut i toppen og det same i botnen, men det kan snu seg fort. Her er kampane i runde 7.
Les meir
5. divisjon: Blindheim vann 10-0
Blindheim slo til med ein 10-0 siger over Sæbø og haldt dermed på tabelltoppen. Sæbø på si side gjekk til botn på tabellen ettersom Fjørtoft greidde 0-0 borte mot Volda2. Herd2 gjekk på eit nytt tap då Skodje vann 1-2 på Moa. Stranda vann 1-0 over Hovdebygda og har dermed haldt nullen i tre heimekampar på rad. Norborg/Brattvåg2 har haldt nullen i tre kampar på rad då Ellingsøy vart sendt heim med 3-0 i sekken. Onsdag kveld vann Langevåg 3-1 over Guard på Color Line Stadion.
Tor Grande vinnar av tippekonkurransen!
Tor Grande vart trekt ut som vinnar av tippekonkurransen vi hadde i høve lokaloppgjeret mot Fjørtoft. Han prikka inn 3 av 4 spørsmål, slik ein del andre også gjorde. Premie vil bli levert over helga.
5. divisjon: Norborg/Brattvåg2 opp på 2. plass
Norborg/Brattvåg2 avanserte frå 5. til 2. plass på tabellen etter bortesigeren over Fjørtoft. Skodje gjekk på sesongens første tap då Guard reiste frå Skodje med heile 5-0 i bagasjen, medan Herd2 stod for den største overraskinga då dei tapte 4-1 for Ellingsøy. Langevåg tok årets første siger då Stranda vart slått 5-1. Sæbø leia 3-1 til pause, men måtte til slutt sjå seg slått 4-5 av Hovdebygda etter eit overtidsmål.
Resultat 5. serierunde:
Blindheim – Volda2 4-0
Sæbø – Hovdebygda 4-5
Ellingsøy – Herd2 4-1
Langevåg – Stranda 5-1
Skodje – Guard 0-5
Fjørtoft – Norborg/Brattvåg2 0-2

