Norborg-Rollon2 4-1 (1-0)
6. divisjon, Uggedal stadion, 10.06.2026
1-0 Niklas Rekdal (30)
2-0 Per Kristian Grytten Søvik (58)
3-0 Per Kristian Grytten Søvik (61)
3-1 Vebjørn Olsbø (62)
4-1 Mohamad Erfan Bahrami (76)
Norborg var best framfor begge mål og sikra 2. plassen i avdelinga på betre målskilnad enn Rollon2.
Etter ein litt småkeisam første halvtime tok kampen fyr då Niklas Rekdal gjorde 1-0 etter ein stikkar frå Per Kristian Grytten Søvik. Rekdal tok med seg ballen, runda keeper og sette ballen i mål frå skrått hald. Begge lag hadde sine sjansar til å score fleire mål i omgangens siste kvarter der Rekdal var nærmast med eit skot i tverrliggjar.
Etter pause var gjestane først nær ved å utlikne før heimelaget sa takk for følget med to raske mål. Først utnytta Robert Dulgheru situasjonen då ein Rollon spelar er uheldig å sklir. Dulgheru snappa ballen og fann Per Kristian Søvik framfor mål som sette ballen enkelt i nota. Nokre minutt seinare var det Niklas Rekdal som usjølvisk spelte til Søvik, som nok ein gong enkelt sette ballen i mål. Vebjørn Olsbø skapte eit lite håp for gjestane med si redusering, men Mohamad Erfan Bahrami levna ingen tvil kvar poenga skulle gå då han banka ballen i nota etter corner frå Robert Dulgheru. Dette var Bahrami sitt første mål for Norborg i hans siste kamp.
Dette var siste kamp før sommaren der begge desse laga, saman med Herd2, spelar vidare i 6. divisjon til hausten. Dei 6 andre laga i avdelinga rykker ned til 7. divisjon.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Lars Alvestad Mikalsen, Peder Uggedal Søvik, Ole Johan Urke (Anders Urkedal, 77), Marius Flem Stavik (Markus Søvik Gunnarsson, 6) (Stavik, 14) (Thomas Toven, 82) – Robert Dulgheru (Markus Torgersen, 82), Per Kristian Grytten Søvik (Jack Neima, 86), Jesper Vos (Mohamad Erfan Bahrami, 68), William Jenssen Grytten, Kai Kitsadakon Grytten (Fredrik Rogne, 46) – Niklas Rekdal (Gunnarsson, 86).

