Bortekamp mot Vigra onsdag kl. 1830

Norborg tek onsdag turen Rota KGB for å møte ein av opprykksfavorittane i årets 6. divisjon etter ein litt skuffande fjorårssesong der laget var langt unna å nå A-sluttspelet. Vigra fekk derimot ein god start på denne sesongen med 5-2 siger borte mot Emblem2. Laget haldt også godt følgje med 4. divisjonslaget Hareid i Sunnmørsposten Cup tidlegare i vinter, men måtte til slutt sjå seg slått 2-3 etter eit overtidsmål av Hareid. Lagets store stjerne er rutinerte Kenneth Kjevik, som stort sett ligg på eit mål i snitt pr. kamp.

Norborg leverte ein god 1. omgang i serieopninga mot Sula og fortente meir enn 1-1 til pause. Basert på kamputviklinga kan vi vel likevel seie at det var greit at kampen til slutt også enda med poengdeling. Rykta seie at Norborg blir forsterka med Ruben Holmeset til denne kampen. Om han har kome seg i land så betyr det eit godt offensivt alternativ.

Norborg og Vigra har møttes 10 gongar etter millenniumskiftet. Norborg står med 4 sigrar mot Vigra sine 3. Siste møter mellom laga var i 2015 då Norborg vann 8-1 heime, medan det vart 0-0 på Rota.

Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)

Stranda2 og Emblem2 tjuvstarta 2. serierunde med å spele 3-3 måndag kveld. Dei andre kampane er Aksla2-Godøy (ons), Herd2-Skodje (tor) og Sula-Ørskog/Stordal2 (søn).

Poengdeling mot Sula

Norborg og Sula spelte 1-1 i 6. divisjon si serieopning på Uggedal KGB. Trass motvind starta Norborg kampen best, men med mange forspelte sjansar måtte ein vente over ein halvtime før midtstoppar Peder Uggedal Søvik styrte inn leiarmålet. Diverre dabba Norborg av etter målet og gjestane utlikna til 1-1 ved Mathias Bjørkavåg. Med skot i både tverrliggjar og stolpe burde Norborg ha leia til pause. Etter kvila endra kampen karakter og gjestane hadde dei fleste sjansane. – Totalt sett greit med uavgjort. Vi gjer gode første 30-35 minutt og spelar då tidvis fin og sjanseskapande fotball. Sula skaper mest etter pause, men vi har også i denne omgangen den største sjansen. Trur også vinden passa det fysisk sterke Sula-laget betre enn oss, så totalt sett ein grei kamp av oss, sa spelande trenar Niklas Rekdal etter kampen. Les meir..

Serieopning onsdag kl. 1830

Norborg sitt herrelag serieopnar med kamp mot Sula på Uggedal KGB onsdag kl. 1830. Etter to strake nedrykk er Norborg tilbake i 6. divisjon for første gong sidan år 2000. Motstandar Sula er eit samarbeid mellom Mauseidvåg/Solevåg og Fiskarstranda. Laget kvalifiserte seg i fjor til opprykkssluttspelet, men enda der sist. Laget har styrka seg sidan då med blant anna Vinjar Vedde frå Langevåg. Vi finn også andre rutinerte ex-Langevåg-spelarar som Eirik Hurlen og  Jonas Ona.

Laga møttast i Sunnmørspostcup i fjor vinter. Då vann Norborg 4-1.

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Tapte for Giske

Norborg spelte torsdag kveld treningskamp mot 5. divisjonslaget Giske og måtte sjå seg slått 0-1. Avgjersla fall allereie 20 sekund ut i kampen.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Ruben Stavik, Ole Johan Urke, Robin Hånde, Markus Søvik Gunnarsson – Ole Martin Fevåg, Tarjei Urkedal, Kai Kitsadakon, Nizar Aldarwish – Marius Stavik, Markus Torgersen. Innbyttar: Torgeir Vik.

Uavgjort mot Ellingsøy

Norborg spelte måndag 2-2 mot Ellingsøy på Nes stadion. Norborg starta kampen best, men greidde ikkje å utnytte sjansane. Det gjorde Ellingsøy som tok leiinga etter tilfeldigheiter framfor mål. Ådne Hellandsvik utlikna nokre minutt seinare i ein omgang Norborg burde ha leia med eit par mål. Etter pause gav Ruben Holmeset Norborg føringa då han sette ein retur i mål. Norborg mista rytma mot slutten av kampen og Ellingsøy tok over spelet. Fem minutt før slutt kom også utlikninga.

Laget: Jann Tore Søvik – Markus Søvik Gunnarsson, Ole Johan Urke, Anders Toven, Niklas Rekdal – Kai Kitsadakon, Nicholas Kvammen, Ådne Hellandsvik, Ruben Holmeset – Markus Torgersen, Tarjei Urkedal. Innbyttarar: Lars Mikalsen, Peder Uggedal Søvik, Ruben Stavik, Jørn Håvard Varpe Uggedal, Torgeir Vik, Nizar Zakariya Aldarwish (debut) og Matthew Olyver (debut).

Urke og Kitsadakon klar for Norborg

Ole Johan Urke og Kai Kitsadakon har signert for Norborg. Urke er tilbake i Norborg etter å ha spelt for Ravn frå 2021 til 2024. Urke har tidlegare spelt 382 kampar og scora 106 mål for Norborg sitt A-lag. Han er ein merittert spelar med krinsmeisterskap for Norborg i 4. divisjon i 2008 og 2013, 5. divisjon i 2018 og i 6. divisjon for Norborg 2. lag i 2007. Kitsadakon er 18 år og kjem frå Grytastranda, men har spelt ungdomsfotball i Brattvåg. Han debuterte på A-laget til Norborg/Brattvåg2 i bortekampen mot Bergsøy hausten 2023. Kai er ein teknisk og rask ving som viste seg fram med målgjevande i treningskampen mot Lepsøy/Harøy sist fredag. Vi ønsker begge velkomen til Norborg.

Tapte første treningskamp

Norborg fekk ein god start i årets første treningskamp og leia 2-0 over Lepsøy/Harøy når ein dryg halvtime var spelt. Nicholas Kvammen sendte vertane i føringa etter ein flott soloprestasjon halvvegs ut i omgangen, medan Ole Martin Fevåg dobla leinga ti minutt seinare då han sette eit innlegg frå Kai Kitsadakon. Norborg var gode i denne halvtimen og kunne med litt marginar ha leia med større siffer. I minutta inn mot pause tok kreftene slutt og Lepsøy/Harøy kom sterkt tilbake med to raske mål. Norborg starta også 2. omgang best, men 8 minutt ut i omgangen kontra gjestane inn 2-3. Etter dette rakna Norborg og Lepsøy/Harøy vann komfortabelt 2-6.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Jann Tore Søvik, 60) – Ruben Stavik (Jørn Håvar Varpe Uggedal, 60), Peder Uggedal Søvik, Ole Johan Urke (Stavik, 69), Markus Søvik Gunnarsson – Ole Martin Fevåg (Torgeir Vik, 60), Niklas Rekdal, Nicholas Kvammen, Kai Kitsadakon (Olsen, 65) – Marius Dulgheru, Markus Torgersen.