Norborg tek onsdag turen Rota KGB for å møte ein av opprykksfavorittane i årets 6. divisjon etter ein litt skuffande fjorårssesong der laget var langt unna å nå A-sluttspelet. Vigra fekk derimot ein god start på denne sesongen med 5-2 siger borte mot Emblem2. Laget haldt også godt følgje med 4. divisjonslaget Hareid i Sunnmørsposten Cup tidlegare i vinter, men måtte til slutt sjå seg slått 2-3 etter eit overtidsmål av Hareid. Lagets store stjerne er rutinerte Kenneth Kjevik, som stort sett ligg på eit mål i snitt pr. kamp.
Norborg leverte ein god 1. omgang i serieopninga mot Sula og fortente meir enn 1-1 til pause. Basert på kamputviklinga kan vi vel likevel seie at det var greit at kampen til slutt også enda med poengdeling. Rykta seie at Norborg blir forsterka med Ruben Holmeset til denne kampen. Om han har kome seg i land så betyr det eit godt offensivt alternativ.
Norborg og Vigra har møttes 10 gongar etter millenniumskiftet. Norborg står med 4 sigrar mot Vigra sine 3. Siste møter mellom laga var i 2015 då Norborg vann 8-1 heime, medan det vart 0-0 på Rota.
Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)
Stranda2 og Emblem2 tjuvstarta 2. serierunde med å spele 3-3 måndag kveld. Dei andre kampane er Aksla2-Godøy (ons), Herd2-Skodje (tor) og Sula-Ørskog/Stordal2 (søn).

Norborg og Sula spelte 1-1 i 6. divisjon si serieopning på Uggedal KGB. Trass motvind starta Norborg kampen best, men med mange forspelte sjansar måtte ein vente over ein halvtime før midtstoppar Peder Uggedal Søvik styrte inn leiarmålet. Diverre dabba Norborg av etter målet og gjestane utlikna til 1-1 ved Mathias Bjørkavåg. Med skot i både tverrliggjar og stolpe burde Norborg ha leia til pause. Etter kvila endra kampen karakter og gjestane hadde dei fleste sjansane. – Totalt sett greit med uavgjort. Vi gjer gode første 30-35 minutt og spelar då tidvis fin og sjanseskapande fotball. Sula skaper mest etter pause, men vi har også i denne omgangen den største sjansen. Trur også vinden passa det fysisk sterke Sula-laget betre enn oss, så totalt sett ein grei kamp av oss, sa spelande trenar Niklas Rekdal etter kampen.
