Vigra – Norborg 0-0

Vigra – Norborg 0-0
Rota stadion, 12.05.2015

Sjansar: 4-12
Cornere: 5-9

Norborg skapte dei fleste sjansane mot eit defensivt heimelag, men greidde ikkje å overliste banens bestemann Robin Rørset i Vigra-buret. Sjansesløsinga haldt på å bli særs kostbar på overtid då Vigra sin notoriske goalgetter Kenneth Kjevik var igjennom åleine med keeper Geir Roar Gamlem, men sistnemnde vann duellen. Dermed enda det mållaust i ein sjanserik kamp.

Trenar Stig Johansen seie følgjande etter kampen: – Måltørke! Nok ein gong produserer vi mange sjanser utan å få uttelling. 12 sjanser skal normalt halde til tre mål, minst. Vi er ikke distinkte nok inne i motstanderens 16 meter. Særs positivt at vi har produsert 25 målsjanser i løpet av dei to siste kampane, det løsner snart…

Rota stadion sitt banedekke var overraskande bra sjølv om den ikkje akkurat innbydde til god fotball. Norborg tok kommandoen frå start mot eit defensivt heimelag og Kristoffer Hildrestrand var aktiv på venstrekanten. Først fann han Tarjei Urkedal inne i boksen, medan han nokre minutt seinare avslutta sjølv. Diverre gav ingen av forsøka mål. Vigra forsøkte seg på kontringar ved Kenneth Kjevik og Simon Gjøen, og halvvegs ut i omgangen var sistnemnde nær ved å score, men keeper Gamlem fekk ein fot på ballen.

Norborg hadde eit visst trykk på heimelaget i heile omgangen, men hadde for svakt tempo på ball og var for upresise på siste tredjedelen til å skape det heilt store framfor Vigra sitt mål. Nokre sjansar vart likevel skapt, men korkje Kristoffer Søviknes, Hans Edvard Nordang eller Elling Mikal Kalvø greidde å score på sine sjansar.

Dei første tjue minutta av 2. omgang er Norborg svake. Vigra løfter laget og får skapt nokre situasjoner framfor mål. Blant anna på ei kontring etter eit hjørnespark av Norborg der det oppstod ein 3 mot 2 situasjon. Ballen gjekk forbi keeper med retning Vigra sin spiss, men eit sugande returøp av Kristian Søviknes hindra mål. Så tok kreftene til Vigra slutt og Norborg skapte sjanse på sjanse dei siste tjue minutta. At Øyvind Sundnes, Tarjei Urkedal, Kristian Søviknes, Kristoffer Søviknes eller Jan Tore Fjørtoft ikkje fann vegen til nettmaskene kan Vigra takke keeper Rørset for. Han hadde nokre fantastiske redningar. I tillegg fekk han hjelp av stolpen på ei heading av Kristian Søviknes. Med normal uttelling hadde Norborg scora fleire mål, men det vil seg ikkje for dei oransje om dagen.

Neste kamp for Norborg er heime mot Ørsta fredag 22. mai kl. 19.

Laget: Geir Roar Gamlem – Jan Tore Fjørtoft, Henning Koppen (Kristian Søviknes, 65), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang – Steffen Grytten, Mathias Fjørtoft (Ole Johan Urke, 57) – Kristoffer Hildrestrand, Ole-Kristian Aarseth (Øyvind Sundnes, 46), Tarjei Urkedal – Kristoffer Søviknes.

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal) – Grei 1. omgang, men fekk kampen sin noko ødelagt av eine assistentdommaren etter pause.