Bittert overtidstap på Valdervoll

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 3-2 av Valder etter eit overtidsmål på frispark av Andreas Kvam. Valder var totalt sett det beste laget, men det var eit surt tap ettersom Norborg følte frisparket som vart gitt før målet var av det billege slaget. Også 1-0 målet til Valder var av det billege slaget, men her var det Norborg som gav heimelaget ei gåve med ei feilpasning etterfølgt av eit innlegg som gjekk i boge over keeper og ned ved lengste stolpe. Norborg var frykteleg svake i sitt offensive spel og låg fortent under 1-0 ved pause. Etter pausen snudde Thomas Aarsund og Anders Toven kampen for så å sjå heimelaget kome sterkt tilbake.
Les meir..

Bortekamp mot Valder torsdag kl. 1830


Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Valdervoll for å møte 6. plasserte Valder. Norborg/BIL2 ligg poenget framføre, så det ligg an til ein jamn og spennande kamp på det nye kunstgrasdekket til Valder. Det vil bli offisiell opning av det nye kunstgraset og avspark vil bli tatt av Giske ordførar Harry Valderhaug. Det er for øvreg fri entre og gratis kaffe og vafler.

Norborg/BIL2 vil stille omtrent same tropp som ein har gjort i haust, men kan ønske Thomas Aarsund velkomen tilbake etter eit halvårleg opphald hos KIL/Hemne og Jesper Vos tilbake frå skade. Per Kristian Grytten Søvik og Siver Davik er ikkje med frå sist kamp.

Norborg har gått fem seriekampar utan tap for Valder. Vi må då tilbake til august 2013 for å finne sist tap. Vi håper dette held fram, men Valder er ei hard nøtt å slå i år. Dei er det einaste laget i 4. divisjon som ikkje har tapt ein heimekamp (4-3-0).

Norborg og Valder møttes for første gong i 2001 og har sidan spelt 19 kampar. Det har gitt 7 sigrar kvar og 5 uavgjorte.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Anders Husøy (Valestrand) og Kim Svensson (Aksla)

Rimereit vann Veten Opp!

Lars Åkernes Rimereit (Eidsdal IL) forsvarte tittelen frå i fjor og vann motbakkeløpet Veten Opp med tida 34 minutt og 41 sekund. Det er 23 sekund raskare enn i fjor. Stian Driveklepp frå Grytastranda kom på 2. plass med tida 39:59. Marius Gamlem tok 3. plassen med 44:17. Nina Kristin Øie Farstad vann dameklassa med tida 51:00.