Dugnad i Uggedalen


Norborg hadde fredag ugrasdugnad på Uggedal stadion. Nedanfor finn du eit knippe bilete.

 

Inngår samarbeid med Brattvåg

Norborg og Brattvåg inngår samarbeid om lag i både 5. divisjon og i G19 1. divisjon. Norborg måtte som kjent ta turen ned frå 4. divisjon i haust og har i heile 2017 hatt få reine A-lagsspelarar. Då Brattvåg for nokre veker sidan gjekk ut og sa dei ønska seg ein samarbeidsklubb på Nordre Sunnmøre var Norborg raskt frampå. Samtalane var særs positive og ein stiller dermed eit lag i 5. divisjon som vil heite Norborg/Brattvåg2. Laget sine kampar vil spelast i Uggedalen. Samtalane førte også fram til eit felles juniorlag. Norborg har i dei to siste sesongane samarbeidd med Ravn og Harøy og gjort det særs sterkt med to pallplassar. Harøy vil framleis vere med på samarbeidet, medan Ravn truleg vil stille eige lag i 6. divisjon og ikkje vere med på juniorsamarbeidet. Heimekampane til juniorlaget vil vere likt fordelt mellom Norborg og Brattvåg.

Vi håper og trur at samarbeidet vil vere fruktbart for klubbane og bidra til eit solid tilbud til alle. Du kan lese meir om samarbeidet i Nordre.

5. divisjon: Forslag til terminliste

Forslag til terminliste for 5. divisjon har no kome frå Sunnmøre Fotballkrets. Seriestart ligg an til å bli 12. april, medan siste runde er sett opp 25. oktober.

1 2018-04-12 18.30 Norborg Herd 2
2 2018-04-19 18.30 Sæbø Norborg
3 2018-04-26 18.30 Volda 2 Norborg
4 2018-05-03 18.30 Norborg Blindheim
5 2018-05-16 18.30 Fjørtoft Norborg
6 2018-05-24 18.30 Norborg Ellingsøy
7 2018-05-31 18.30 Skodje Norborg
8 2018-06-07 18.30 Norborg Langevåg
9 2018-06-14 18.30 Hovdebygda Norborg
10 2018-06-21 18.30 Norborg Stranda
11 2018-06-28 18.30 Guard Norborg
12 2018-08-16 18.30 Herd 2 Norborg
13 2018-08-23 18.30 Norborg Sæbø
14 2018-08-30 18.30 Norborg Volda 2
15 2018-09-06 18.30 Blindheim Norborg
16 2018-09-13 18.30 Norborg Fjørtoft
17 2018-09-20 18.30 Ellingsøy Norborg
18 2018-09-27 18.30 Norborg Skodje
19 2018-10-04 18.30 Langevåg Norborg
20 2018-10-11 18.30 Norborg Hovdebygda
21 2018-10-18 18.30 Stranda Norborg
22 2018-10-25 18.30 Norborg Guard
post

G19: Frå sjukestova til 1. divisjon!

Norborg/Ravn/Harøy – Langevåg 3-2 (1-0)
Sparebanken Møre Arena, 14.02.2016

1-0 Ole-Kristian Aarseth
1-1
1-2
2-2 Thomas Drønnesund
3-2 Fredrik Krogsæter

Norborg har vore prega av eit virus som har slått ut halve stallen den siste månaden, men ein greidde nok ein gong å stable eit lag på beina i kvalifiseringa til 1. divisjon. Langevåg var det førande laget i banespel, men NoRaHa var best framfor mål og tok alle poenga. Bergsøy vann 6-1 over Emblem og det fører til at Norborg/Ravn/Harøy er klar for 1. divisjon. Vi gratulerer gutta!

Endeleg startar fotballåret 2015!

B-laget startar fotballåret 2015 i Norborg med trening søndag kveld kl. 20, A-laget måndag kl. 1815 og juniorane tysdag kl. 1815.

På B-treningane er alle velkomen til å trene, og som dei siste åra så er Noralf Gamlem sjef. Fast dag er søndag kl. 20, men om interessa er til stades så vil ein også ha trening onsdagar.

På A-laget er Stig Johansen ny trenar for året. Han gleder seg veldig til å ta til på oppgåva med å føre Norborg raskast mogeleg tilbake til 3. divisjon. Om trenaren er ny så lagleiinga den same som den har vore i årevis. Det vil seie Tarjei Gjerset Urkedal som sportsleg leiar, Frode Stormyr Engeset som administrativ lagleiar, Kristian Holmeset Søviknes (sportsleg utval) og Børt Tore Marthinussen (sportsleg utval). På spelarsida så er det også mykje som i fjor, men Jan Tore Fjørtoft har kome frå Brattvåg, André Larsen er tilbake etter låneopphald i Ravn og Adrian Håbet har meldt comeback. Stian Grytten Skogvoll, som meldte overgong frå Ravn i romjula, skal også trene fast med A-laget. I tillegg vil det bli hospiteringar frå juniorlaget. Fredag 30. januar blir det internkamp, medan første treningskamp bli mot Vestnes Varfjell onsdag 11. februar.

På juniorlaget er Kristian Holmeset Søviknes og Preben Austnes Lorgen nye trenarar, medan Ståle Grytten held fram som lagleiar. Juniorlaget har fått inn mange nye spelarar og går spennande veker i møte. Allereie i slutten av månaden tek kvalifiseringa for spel i 1. divisjon til.

Vi ønsker alle lag lykke til.