Det var ikkje berre herrelaget som tok ein sterk siger måndag kveld. Juniorane avslutta sesongen med 5-4 over titteljagande Spjelkavik på Brattvåg stadion. Per-Kristian Helle Hildre vart den store helten med sine tre mål. Adrian Bjørlykke og Sander Tharaldsen scora dei andre måla for samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy. Laget enda på 5. plass i 1. divisjon G19. Per-Kristian Helle Hildre vart for øvreg toppscorar i divisjonen med 16 mål. Vi gratulerer!
Tabell
Category Archives: Nyheiter Aldersbestemt
G13: Tapte for naboen
Norborg/Brattvåg G13 spelte torsdag kveld sin første kamp for hausten å leia både 1-0 og 3-2, men måtte til slutt sjå seg slått 4-5 av Ravn på Uggedal KGB.
G19: Ujamn vårsesong
Brattvåg/Norborg/Harøy har hatt ein ujamn vårsesong og ligg på 5. plass av dei 8 laga i 1. divisjon. Toppscorar på laget er Per Kristian Helle Hildre som har putta 8 av dei 13 måla laget har scora. Vi har fått trenar Marius Fylling Rogne til å oppsummere vårsesongen.
Les meir
Gøy med fellestrening
Dei aldersbestemte spelarane (7-13 år) hadde i kveld fellestrening med herrespelarane som instruktørar. Dette var tredje gongen i år det var fellestrening etter at G19 laget og Haram helse har hatt ei kvar tidlegare i år. Etter trening var det felles måltid.
Bilete
Trening for målvakter
Pedro Calisto hadde søndag kveld trening for dei aldersbestemte målvaktene i Norborg. Pedro gjekk gjennom alt fra oppvarming-, teknikk- og uttøyingsøvelsar. – Det var kjempegøy, sa ei samla gruppe.
Bileter
G19: Sterkt bortepoeng
Brattvåg/Norborg/Harøy spelte i kveld 2-2 mot Spjelkavik. Per Kristian Helle Hildre og Tobias Jensen scora BNH sine mål.
G9: Straffe-eldorado på Skodje
Norborg sitt G9 lag tok i dag turen til Skodje. I ein tett kamp vart det delt ut heile 7 straffespark. Her ser vi Felix Søviknes Urkedal sette inn det eine av dei.
Fotballens kveld i Uggedalen!
Onsdag inviterte Norborg til “fotballen sin kveld” i Uggedalen. Det vart nemleg spelt heile tre kampar denne kvelden. A-laget tok imot Valder på grasbana, medan Jenter 10 tok imot Brattvåg og Jenter 14 tok imot Hareid. I J14 kampen låg Norborg under 1-4, men snudde til 5-4 siger og har med det vunne 2 av 3 kampar.
Bilete frå Jenter 14 Norborg – Hareid.
Bilete frå Jenter 10 Norborg – Brattvåg.
Bilete frå herrekampen Norborg – Valder.
G19: Laber kamp av juniorane
Brattvåg/Norborg/Harøy tapte 5-2 i kveldens bortekamp mot Herd. Tjue sekund tok det før Herd tok leiinga. Ei leiing dei dobla 26 minutt seinare før BNH vakna å scora to mål på fem minutt ved Per Kristian Helle Hildre og Nikolai Ellingsæter. Herd tok igjen føringa før pause og hadde kontroll på kampen i 2. omgang.
G19: Nyt livet på toppen av 1. divisjon
Brattvåg/Norborg/Harøy vann 3-2 over FK Sykkylven/SIL på Brattvåg Stadion måndag kveld og går inn i mai på toppen av 1. divisjon. Per Kristian Grytten Søvik ga BNH leiinga allereie i det 3. minutt, men gjestane kom sterkt tilbake og snudde til 1-2 før pause. Per Kristian Helle Hildre utlikna tidleg i 2. omgang då han snappa opp ei pasning frå keeper å trilla ballen i opent mål. Magnus Otterlei sikra sigeren like etter sin debut på juniorlaget då han banka inn Hildre sitt innlegg. Samarbeidslaget har dermed vunne begge sine kampar og får kose seg på toppen av tabellen.
Laget: Sander Arntsen – Anders Finnøy, Tobias Jensen, Alexander Otterlei, Nikolai Ellingsæter, Per Kristian Grytten Søvik, Siver Davik, Eirik Vågnes, Johan Lie, Per Kristian Helle Hildre, Daniel Forsland. Innbyttarar: Robin Bergtun, Eirik Valaker Røren, Adrian Bjørlykke, Thomas Haugen, Johan Rosvik, Magnus Otterlei og Martin Koch.