Sigra i Portugal

Norborg/Brattvåg2 reiste sist fredag på treningsleir til Portugal. Onsdag ettermiddag spelte ein kamp mot det lokale laget Lusitano FC. Norborg/BIL2 leverte ein god kamp og vann 3-0 etter mål av Per-Kristian Helle Hildre (20 min), Ole Johan Øster Urke (straffe, 76) og Magnus Austbø Seth (88).

Laget: Ronald Søvik Olsen (Sander Arntsen, 46) – Jonas Holmeset (Per Kristian Grytten Søvik, 46), Nikolai Jensen, Tor Abelseth, Anders Toven (Siver Davik, 46) – Eirik Vågnes (Ole Johan Urke, 46) (Tobias Jensen, 85), Gard Rogne (Henrik Hurlen, 89), Ådne Hellandsvik, Thomas Aarsund (Vidar Nilsen Rogne, 60) (Magnus Otterlei, 80) – Per Kristian Helle Hildre (Per Stian Alvestad, 60), Fredrik Hurlen (Magnus Austbø Seth, 60).

Sterk treningskamp av herrelaget


Norborg/Brattvåg2 vann 4-1 borte mot fjorårets 3. divisjonslag Herd. Heimelaget, som har mista mange spelarar etter nedrykket, tok leiinga 1-0 tre minutt ut i 2. omgang, men i løpet av den siste halvtimen snudde dei oransje til ein klar siger etter mål av Per Kristian Helle Hildre (2), Nikolai Jensen og Ådne Hellandsvik. I tillegg til dei fire godkjente måla hadde ein også tre andre ballar i nota som vart annullert.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Jonas Holmeset (Per Kristian Grytten Søvik, 46), Nikolai Jensen, Tor Abelseth, Anders Toven (Siver Davik, 46) – Eirik Vågnes (Ole Johan Urke, 60), Ruben Holmeset (Henrik Hurlen, 85), Gard Rogne, Thomas Aarsund (Magnus Otterlei, 85) – Magnus Jenssen (Per Kristian Helle Hildre, 46), Ådne Hellandsvik (Per Stian Alvestad, 80).

G19: Slo Ellingsøy og er klar for 1. divisjon

Brattvåg/Norborg/Harøy vann i formiddag 6-2 over Ellingsøy og gjekk til topps i si kvalifiseringsgruppe for 1. divisjon. BNH tok kommandoen frå start av, men måtte vente til det 23. minutt før målet kom ved Siver Davik. Få minutt etter klinka Martin Koch inn 2-0 frå distanse. Eit resultat som stod seg til pause. Per Kristian Helle Hildre og Eirik Vågnes laga 3 og 4-0 kort tid etter sidebyte. Henrik Hurlen gjorde 5-1 i det 67. minutt. Eit par raude kort vart vist til BNH utan at det førte til spenning. Ellingsøy fekk inn eit mål nummer 2, men det gjorde også PK Hildre. Vi gratulerer gutane med plass i 1. divisjon. Ørsta/Hovebygda og Blindheim følger med til 1. divisjon frå denne gruppa, medan Langevåg og Ellingsøy må spele i 2. divisjon.
Tabell

Slo divisjonskollega Emblem

Emblem – Norborg/Brattvåg2 2-5 (2-4)
Treningkamp, Emblem KGB, 06.02.2020

1-0 Sjølvmål (7)
1-1 Fredrik Hurlen (17)
1-2 Fredrik Hurlen (19)
2-2 ? (25)
2-3 Thomas Aarsund (35)
2-4 Thomas Aarsund (42)
2-5 Nikolai Jensen (47)

Emblem starta best, men etter leiarmålet, som Norborg hjalp med å score, så styrte dei oransje stort sett resten av omgangen og gjekk til pause med 2-4 leiing. Etter pause aukar ein tidleg til 2-5, og har full kontroll om vi ser bort frå eit straffespark fem minutt før slutt, som keeper Ronald Søvik Olsen tok seg av. – Vi får bra respons på det vi ønsker å få svar på og det vi har trent på så langt, sa trenar Kristian Søviknes.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Jonas Holmeset, Tor Abelseth, Nikolai Jensen, Anders Toven – Eirik Vågnes, Ruben Holmeset, Gard Rogne, Thomas Aarsund – Fredrik Hurlen, Ådne Hellandsvik.
Innbytarar: Ole Johan Urke, Vidar Nilsen Rogne, Magnus Jenssen og Per Stian Alvestad.

Treningskamp mot Emblem torsdag kl. 1930

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Emblem for sin andre treningskamp. I fjor vart det både siger og tap mot dei blå og kvite, og det blir spennande å sjå korleis laga står opp mot kvarandre så tidleg i oppkjøringa. Norborg/BIL2 leverte ein spelemessig god kamp mot Blindheim sist veke og burde ha vunne med større siffer enn 3-2. Av dei som ikkje var med sist veke er Ronald Søvik Olsen, Magnus Jenssen og Vidar Nilsen Rogne tilbake i troppen etter sjukdom.

G19: Hurlen sikra eitt poeng

Henrik Otterlei Hurlen fekk onsdag sin A-lagsdebut mot Blindheim, i dag sørga han med sine to mål eitt poeng i G19 kvalifiseringskampen mot same klubb. Blindheim leia både 1-0 og 3-1, men samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy utlikna til 3-3 like før slutt. Gard Rogne sørga for 1-1 til pause på eit straffespark etter at Magnus Otterlei vart felt, medan 2004-modellen Hurlen sine mål kom på heading.
Tabell