Tapte OBOS-kamp

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 4-1 for Ørskog/Stordal i første kamp av OBOS-cup, som innleiar med gruppespel. Etter ein jamspelt og mållaus 1. omgang tok det unge NB2-laget leiinga ved debutant Martin Fylling Koch sju minutt etter sidebyte. NB2 styrte dei første tjue av denne omgangen og burde ha auka leiinga både ein og to gongar, men så vakna det fysisk sterkare heimelaget og scora fire gongar på tjue minutt ved Bendik Ulvestad, Lars Eivind Nitter og Jon Espen Nitter Ulvestad (2). – Eit unødig tap, men nyttig erfaring for våre unge spelarar, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen. Daniel Forsland, Ivan Håvik, Martin Koch, Stian Klokk og Igor Leonovs fekk sin seniordebut for NB2. I neste OBOS-kamp møter ein Guard på Uggedal KGB den 12. mars.

Laget: Benjamin Rørhus – Stian Fjørtoft Klokk (Jonas Holmeset, 46), Henrik Hurlen, Tobias Jensen, Anders Toven – Daniel Forsland (Martin Koch, 46), Tor Abelseth (Nikolai Jensen, 46), Igor Leonovs (Ivan Håvik, 46), Magnus Otterlei – Per Stian Alvestad, Per-Kristian Helle Hildre.