Blindheim klar for 4. divisjon

Vi gratulerer Blindheim med opprykk etter 3-0 siger over Skodje. Langevåg vann 6-0 borte mot Volda2, men det hjalp lite sidan avstanden opp til Blindheim er 8 poeng 2 runder før slutt. Herd2 tok eit langt steg mot fornya kontrakt i 5. divisjon med å vinne heile 4-0 over Stranda.
Tabell

5-målsshow av Seth

Magnus Austbø Seth vart kampens store spelar då han scora heile fem mål i 8-1 sigeren over Hovdebygda. Norborg/Brattvåg2 tok tidleg leiinga ved Per-Stian Alvestad, men sleit lenge med rytmen i angrepsspelet før Seth vakna og putta to det siste kvarteret av 1. omgang. Kristoffer Søviknes og Tarjei Urkedal auka til 5-0 før Markus Håndlykken reduserte til 5-1 midtvegs i 2. omgang. I løpet av kampens siste tjue var det igjen klart for Seth med tre nye mål. Han tangerte dermed Kenneth Gamlem og Cato Longva sine 5 mål i ein kamp. Cato sine 5 kom for øvreg også mot Hovdebygda.
Les meir..

5. divisjon: Guard – Sæbø 7-3 (3-2)

Guard og Sæbø møtast på Color Line Stadion i kveld. Sæbø tok tidleg ein 0-2 leiing etter scoringar av Bjørnar Holen. Guard har rista av seg den svake opninga og snudde kampen til 3-2 før pause. Guard har auka tre gongar dei første 25 minutta av 2. omgang. Bjørnar Holen scora sitt tredje då han reduserte til 6-3, men Guard var ikkje ferdig for kvelden og fastsette sluttresultatet til 7-3. Bjørnar Holen er med kveldens tre mål oppe i 21 seriemål, to meir enn Magnus Austbø Seth. Joakim Bendal har 16 mål, men vi veit i skrivande stund ikkje kor mange mål han scora i kveld mot Sæbø.
Tabell

Herd og Spjelkavik vann!

Herd vann i dag 2-0 over Ullern og Spjelkavik 7-2 over Rilindja. Begge sunnmørslaga fekk dermed ei god luke ned til nedrykksstreken. Spjelkavik har 8 poeng og Herd 6 poeng å gå på med tre kampar igjen å spele. Mykje skal gå gale om det ikkje berre blir Hødd2 av laga frå Sunnmøre som rykker ned. Dermed blir det to lag ned frå 4. divisjon (FK Sykkylven og Godøy) og tre lag ned frå 5. divisjon (Sæbø er klar for 6. divisjon, medan Fjørtoft, Guard, Herd2 og Ellingsøy kjempar for å kome blant dei 9 beste).

Heimekamp mot Hovdebygda torsdag kl. 19

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kl. 19 imot Hovdebygda på Uggedal kgb. Heimelaget er allereie klar for opprykk, men ønsker å halde Blindheim bak seg i kampen om krinsmeisterskapet. Det bør dermed vere full tenning mot 5. plasserte Hovdebygda.

Norborg får tilbake Tarjei Urkedal frå sist kamp, medan Thomas Aarsund og Jesper Vos er ute med skader. Gard Rogne er usikker til kamp på grunn av ein liten skade og har ikkje trent den siste veka. Kristoffer Søviknes har ei høggravid kone og kan gå ut av troppen når som helst.

Hovdebygda er kjent for Ivar Aasen, flyplass og Side Brok. Fotballen har det gått opp og ned med, slik det som regel gjer i mindre bygder. Vi må likevel kunne seie at Hovdebygda er vårt andre favorittlag i år. Dei har nemleg slått Langevåg i begge sine kampar, samt vunne den eine dei har spelt mot Blindheim. Dei la i tillegg alt til rette for Norborg med å spele heimekampen sin på ei stor grasbane i staden for ei lita kunstgrasbane. Med det mannskapet Norborg stilte i den kampen, så passa det utmerket og ein kunne reise heim med 3-0 siger.

Før vårkampen forventa vi at Hovdebygda var eit dunk og drus lag, men det var dei absolutt ikkje. Her var det mykje kjæling med ball. Kva taktikk dei vel denne gong er ikkje godt å seie, men Norborg/BIL2 har eit godt nok lag til å takle begge typar fotball. Daniel Malakzadeh er lagets toppscorar med 13 mål.

Dommar: Kristoffer Nevstad (Aksla)
Assistentar: Thomas Johan Olsvik (Rollon) og Joachim Killingmo (Spjelkavik)

Norborg har hatt eit godt tak på Hovdebygda og har sidan hausten 2003 vunne 6 av 6 med 28-5 i målskilnad. Er Norborg fokusert, så skal denne rekka utvidast.

Tidlegare kampar Norborg-Hovdebygda:

2018: x-x / 3-0
2011: 4-1 / 8-0
2006: 2-0 / 4-1
2003: 3-4 / 7-3
1982: 1-0 / ?-?
1976: 2-2 / 1-4
1974: 0-2 / 1-2

5. divisjon runde 20

Det nærmer seg slutten på årets 5. divisjon. Spenninga i toppen tok ein endeleg slutt sist veke då Norborg/Brattvåg2 feira opprykket etter siger over Langevåg, og samstundes sørga for at Blindheim er 98% sikker på 4. divisjonsspel i 2019. I botnen er det langt meir opent, og laga her ventar også spent på onsdagens kampar i 3. divisjon mellom Spjelkavik og Rilindja og Herd-Ullern. Sigrar sunnmørslaga her, så blir det etter alle solemerker berre tre lag ned frå 5. divisjon. Vi har sett litt på kampane i 5. divisjon si runde 20.

Les meir →

Sigra i Langevåg – klar for 4. divisjon!


Norborg/Brattvåg2 kunne sleppe jubelen laus etter 90 minutt med kjemping i øsende regnver på Langevåg KGB. Magnus Austbø Seth sitt mål i det 27. minutt var nok til å ta tre poeng mot eit heimelag som gjorde det vanskeleg for dei oransje. – God prestasjon mot ein god motstandar. Vi gjennomfører igjen solid å gjer den jobben vi skal gjere. Deilig å avgjere opprykket tre runder før slutt, og føler det er særs fortent med tanke på det vi har gjort denne hausten. Spelarane har stått på og prestert prima. Nå gjenstår det tre kampar og dei skal brukast til å sikre KM-tittelen, sa trenar Kristian Søviknes.
Les meir..

Andre resultat:
Ellingsøy – Blindheim 0-3
Blindheim gjorde jobben mot Ellingsøy og har 8 poengs forsprang til Langevåg med 9 poeng å spele om. 
Sæbø – Fjørtoft 4-3
Det vart diverre tap i  denne “must win” kampen for Fjørtoft. Har no meir enn ein fot i 6. divisjon med fem poeng opp til trygg grunn.
Skodje – Volda2 2-0
Stranda – Guard 6-0
Hovdebygda – Herd2 2-2
Tabell

Toppkamp mot Langevåg


Torsdag kl. 1830 tek Norborg/BIL2 turen til Langevåg for sin første matchball i kampen om opprykk. Med siger er opprykket i boks og laget kan kose seg i dei tre siste kampane. Kos har det likevel vore mykje av i haust med tanke på dei mange storsigrane. Kampen mot Langevåg blir annleis enn dei andre. Medan ein i haust har fått vore dominant i alle faser av spelet, så er Langevåg av eit anna kaliber og vil både forsøke, og vere i stand til å gjere noko produktivt med ballen.
Les meir →

Statistikkhjørnet: Norborg best mot dei beste!

Norborg/BIL2 har lagt grunnlaget for tabelltopp i dei innbyrdes kampane mot laga på øvre halvdel, medan Blindheim og spesielt Langevåg har trøbla mot dei andre topplaga. Blindheim er derimot best mot laga på nedre halvdel.

LagKSUTForMot+/-P
Norborg/BIL21072139152423
Blindheim1051424141016
Hovdebygda104151825-713
Skodje103431222-1013
Langevåg103341817112
Stranda101361432-186
LagKSUTForMot+/-P
Blindheim1211016295333
Langevåg12102051143732
Norborg/BIL212101161134831
Stranda1281333161725
Skodje127142224-222
Hovdebygda125253227517