Statistikkhjørnet for Norborg/Brattvåg2

To kampar gjenstend av årets sesong. Vi tek ein titt på klubbstatistikken.

Norborg har med treningskampar og øyacup spelt 32 kampar. 22 er vunne, 4 har enda uavgjort og 6 er tapt. Målskilnad er 121-44. I serien: 16-2-2 89-25. Valder hadde i fjor 18-2-2 66-27 då dei vann 5. divisjon. Vigra 18-2-2 110-23 då dei vann 5. divisjon i 2014.

Når kjem måla:


Norborg har kome under 0-1 i sju kampar.  Fire av dei er vunne, ein har enda i poengdeling og to er tapt. Sidan ingen av kampane har enda mållause så har Norborg tatt leiinga 1-0 i 13 kampar. 12 av er vunne, medan ein har enda uavgjort. Det var for øvreg i første seriekamp mot Herd2.

Norborg har spelt seg fram til 108 hjørnespark. Det har enda i 11 mål (10,2%). Motstandarane har scora 3 mål på 68 hjørnespark (4,7%).

Norborg har leia 5. divisjon dei siste 5 rundene. Blindheim leia divisjonen dei første 15.

Magnus Austbø Seth har scora 24 seriemål på 19 kampar (var ikkje med i vårkampen mot Hovdebygda. Ikkje rart vi berre scora 3 i den kampen). På dei første 12 kampane scora han 7 mål. På dei siste 7 kampane har han scora heile 17. Til samanlikning har han hittil i haust scora meir mål enn både Fjørtoft (16), Skodje (15), Volda2 (15), Herd2 (14) og Ellingsøy (11). Med mål i sju strake kampar har han tangert Tarjei Urkedal og Kim Idar Krogsethagen sin rekord. Krogsethagen scora for øvreg 32 mål i 4. divisjon 2003. Vi kan også ta med at Seth sitt siste mål mot Hovdebygda er det 60. A-lagsmålet (83 kampar) han har scora med Norborg sin logo på brystet.

Tarjei Urkedal sitt mål mot Hovdebygda var hans 235. i Norborg-trøya. 138 av dei har kome i serien.

Vi henviser elles til våre undersider for scoringsliste/assist, effektivitet og børs.