Æresmedlem i Norborg, Helge Sigurd Uggedal, vart sist måndag 70 år ung. I det høve fekk han før kampen på torsdag overrekt blomar av sportsleg leiar Kristoffer Søviknes. Helge har vore medlem av IL Norborg sidan starten av 1962, medlem nr. 2, syns vi å huske han sa for nokre år sidan, og vart i 2002 æresmedlem. For utan å ha spelt 233 A-kampar, har han hatt fleire styreverv, dømd hundrevis av kampar, vore trenar, speaker, revisor, og er den dag i dag aktiv som kampvert på A-laget sine heimekampar. Alltid engasjert, alltid med glimt i auget og eit smil aldri langt unna. Vi takkar for ditt stadige engasjement i Norborg og alltid gode diskusjonar. Gratulerer med overstått dag!
Urkedal åleine på topp!
28. mai 2015 vart Tarjei Gjerset Urkedal tidenes målscorar i Norborg då han sette inn sitt 214. mål, men i antall seriemål har han vore bak Kim Idar Krogsethagen (134 seriemål / 213 totalt). Dei fleste trudde nok også at Tarjei si tid som storscorar var forbi sidan det berre vart eitt seriemål i 2016 og ingen i fjor. Men, i løpet av dei siste kampane har tømraren og bondesonen frå Gjerset verkeleg satt inn støtet. På dei siste fire kampane har han scora sitt 132. (mot Stranda), 133. (mot Guard), 134. (mot Herd2), og i det 58. minutt mot Sæbø klinka han inn sitt 135. seriemål på heil volley og tronar åleine på topp som tidenes målscorar for Norborg også i serien.
Les meir
Fylkesserie i 4. divisjon?
Sunnmøre fotballkrets har kome med følgjande pressemelding:
På Forbundstinget tidlegare i år vart det fremma forslag om å redusere antall lag som rykker ned frå 3. divisjon til 4. divisjon frå 4 til 3 lag i kvar avdeling. Dette er noko dei fleste er samde om. Spørsmålet er då korleis ein skal frå redusert antall lag som rykker opp frå 4. divisjon?
- Antall 4. div. avdelinger blir redusert frå dagens 24 til 18. Det betyr at Sunnmøre slåast saman med Nordmøre og Romsdal til ein fylkesserie. Vinnaren rykker direkte opp.
- Antall 4. div. avdelinger blir som i dag, men avdelingsvinnarane spelar kvalifisering om opprykk. Det opprettast seks kvaliferingspuljer à fire lag der tre av laga rykker opp. Vinnaren på Sunnmøre skal då spele kvalifisering mot vinnaren i Nordmøre og Romsdal og dei to avdelingsvinnarane i Trøndelag om tre ledige plassar.
Desse to forslaga er sendt ut på høring til krinsane og alle klubbane på nivå fire og fem (3. og 4. divisjon menn). Frist for høringen er satt til 7. september. Styret i Sunnmøre Fotballkrets vil behandle spørsmålet på neste styremøte som allerede er førstkommende måndag.
Korleis påverkar dette Norborg? Dersom alternativ 1 blir tilfelle, så blir det eit nytt nedrykksras frå 4. og 5. divisjon i 2019. Truleg blir det då også fremma forslag om å redusere 6. divisjon frå 3 til 1 avdeling og opprette ein 7. divisjon med 2 avdelingar (eller 3 avdelingar alt etter kor mange som melder på lag). Det blir dermed ein hard kamp om ståplassane i alle sunnmørsdivisjonane. Blir alternativ 2 tilfelle, så vil det berre påverke sjølve vinnaren av 4. divisjon, samt laga i 4. og 5. divisjon som ligg utsett til nede på tabellen om Sunnmøre sin 4. divisjonsvinnar skulle tape kvalifiseringsgruppa si.
Ein 4. divisjon Møre og Romsdal i 2020 kan kanskje sjå slik ut: AaFK2, Bergsøy, Emblem, Volda, Rollon, SIF/Hessa, Sunndal, Eide, Surnadal, Tomrefjord, Åndalsnes og Kristiansund FK.
5. divisjon Sunnmøre 2020 kan sjå slik ut: Ørsta, Valder, Larsnes/Gursken, Hareid, Godøy, FK Sykkylven, Blindheim, Norborg/BIL2, Skodje, Langevåg, Stranda og Aksla.
Absolutt interessante divisjonar sportsleg sett, men så spørs det om endå ei spissing er vegen å gå i breiddefotballen om ein ønsker at flest mogeleg skal ha tid til å spele fotball? Debatten går på Lokalfotballen Sunnmøre si facebookside.
Pynta på målskilnaden!
Kristoffer Søviknes, godt assistert av Ole Johan Urke, la grunnlaget for ein storsiger over Sæbø då han roa nervane på laget med to scoringar på hovudet dei første tjue minutta. Oransjetrøyene var best i alt og kunne med litt meir presisjon i avslutningane vunne langt meir enn 6-0. Ungdomen Vidar Nilsen Rogne kom inn siste timen og scora to mål, medan Tor Abelseth og Tarjei Urkedal scora eitt kvar.
Les meir..
Andre kampar:
Blindheim – Guard 7-0
Skodje – Langevåg 1-1
Ellingsøy – Hovdebygda 2-0
Volda2 – Herd2 2-0
Fjørtoft – Stranda 1-0
Tabell
Heimekamp mot Sæbø torsdag kl. 1830

Norborg/BIL2 tek torsdag imot Sæbø på Uggedal stadion til sin første heimekamp på 2 månader. Dei to bortekampane ein har spelt i denne perioden har totalt enda med 11-0 og 6 poeng. No håper vi at laget tek med seg denne gode forma til Uggedalen der det “berre” vart 4-4 mot Stranda sist gong. Det var ein kamp vi i utgangspunktet ikkje var nøgd med berre eitt poeng, men når ein kom under 0-4 i det 50. minutt så vart vi likevel sjeleglade for det eine vi fekk.
Les meir
Påmelding “Veten opp”

Dersom du har tenkt å stille på “Veten opp” søndag 2. september kl. 1130 så må du snarast melde deg på. Påmelding ved betaling av kr 100,- til konto nr. 3901.31.02744. Merk med namn på deltaker.
Fylling Rogne tilbake i Norborg
Marius Fylling Rogne (25) er tilbake i Norborg etter å ha meldt overgong frå Trondheimsklubben Astor. Marius spelte også for Norborg i perioden juni til august i 2011 og fekk med seg 12 kampar. Han har sidan den gong spelt i moderklubb Brattvåg, Skodje og altså no sist Astor. Marius er ein fotballklok spelar som stort sett har spelt høgreback eller høgrekant. Vi ønsker han velkomen tilbake.
Noralf har også vore ute å forsterka sitt 7-er lag. Han har henta Ole Martin Fevåg (20) frå Tingvoll. Vi ønsker han velkomen til Norborg.
Sterk defensiv innsats ga ny siger!
Eitt mål i kvar omgang sørga for ein viktig 2-0 siger i bortekampen mot Herd2. Sjølve kampen var heller svak med to lag som var betre defensivt enn offensivt. Begge lag fekk mange brot på midtbana, men greidde sjeldan å utnytte dette til å skape sjansar. Norborg sine mål kom ved Tarjei Urkedal og Jesper Vos.
Kampreferat
Norborg/Brattvåg2 fekk låne tabelltoppen i eit døgn, men Blindheim tok den tilbake med sin 5-1 siger borte mot Stranda. Dette var Stranda sitt første heimetap for sesongen. Skodje heng også med etter at dei vann 4-3 borte mot Sæbø. Langevåg vann 3-2 over Ellingsøy, medan Volda2 vann 4-2 over Guard. Sist laurdag vann Fjørtoft 3-2 over Hovdebygda og tok sin første siger i 5. divisjon.
Tabell
Siger over FK Sykkylven

Norborg – FK Sykkylven 4-2 (0-2)
Treningskamp, Uggedal stadion, 09.08.2018
Mål: Tor Abelseth (2), Siver Davik og Magnus Austbø Seth.
Laget: Benjamin Rørhus (Ronald Olsen, 60) – Trond Espen Rogne, Kristian Søviknes, Tor Abelseth, Tarjei Urkedal (Siver Davik, 83) -Jonas Holmeset (Lars Mikalsen, 46), Siver Davik (Øyvind Sundnes, 80), Kristoffer Søviknes, Vidar Nilsen Rogne, Gard Rogne (J. Holmeset, 80), Magnus Austbø Seth.
FKS leder 2-0 til pause etter ein rotete omgang av heimelaget. Tor Abelseth reduserer til 1-2 då han står heilt fritt på bakerste å styrer Gard Rogen sitt hjørnespark i lengste kryss. 2-2 kom etter eit bra trykk av heimelaget der Siver Davik plukka opp ein andreball å skyt via ein forsvarer frå tjue meter og i nota. Norborg tok leiinga då Kristoffer Søviknes flikka Vidar Rogne sitt innlegg vidare til Magnus Seth, som sett ballen rolig i mål med ein mann i ryggen. Kampen sitt siste mål skaller Tor Abelseth kontant i nota på bakre etter ein corner av Kristian Søviknes. Flott moral av heimelaget som snur kampen i 2. omgang. Totalt sett ei god treningsøkt igjen mot eit 4. divisjonslag.
Treningskamp mot FK Sykkylven torsdag kl. 19
Norborg tek imot 4. divisjonslaget FK Sykkylven i Uggedalen torsdag kl. 19. Laga møttast også i vinter då FKS vann 1-0 i Sykkylven. Nokre spelarar vil framleis mangle grunna ferie og skade, men truleg stille ein med ein litt større tropp enn i sist vekes kamp mot Midsund.

