Vann toppkampen mot Blindheim


Preben Lorgen og Blindheim måtte nok ein gong sjå seg slått av Kristian Søviknes sitt Norborg/BIL2, men heldigvis var ikkje smilet langt unna for fjorårets assistenttrenar i Norborg. Dei oransje hadde mest krefter mot slutten av kvar omgang og var i tillegg dødeleg effektiv på dødball. Heile fire av dei fem måla kom etter dødball i ein kamp som enda med 2-5 til Norborg/Brattvåg2 og overtaking av tabelltoppen. Ein posisjon Blindheim har hatt sidan 1. serierunde.
Les meir..

Andre resultat:
Langevåg – Hovdebygda 0-2
Skodje – Stranda 2-0
Fjørtoft – Herd2 0-5
Sæbø – Volda2 4-4
Ellingsøy – Guard 2-2
Tabell

Toppoppgjer mot Blindheim

Torsdag kl. 1830 er det klart for toppoppgjer i 5. divisjon mellom Blindheim og Norborg/Brattvåg2. Norborg vann oppgjeret i vår med 3-0, men det blir nok tøffare denne gong framfor Blindheim si nye tribune.

Sidan kampen i mai så har begge laga ein del endringar i troppen. Blindheim vil mangle sine to fremste målscorarar frå i vår. Toppscorar Eivind Skovly har flytta og meldt overgong til 4. divisjonslaget Våg, medan Bjørnar Johansen er skada. I tillegg har også Tobias Rotnes Aasen mangla i haust. Inn i troppen har Hans Skovly og Stian Skaar kome. Norborg vil mangle keeper Joakim Kjærstad, Elling Mikal Kalvø, André Larsen, Ådne Hellandsvik og Tobias Vatle Faksvåg. Tre av desse starta i vårens kamp. Frå sist vekes kamp mot Volda2 så ønsker vi Kristoffer Søviknes tilbake frå USA, medan Thomas Aarsund har blitt kvitt sin skade og er klar for kamp.

Norborg har normalt eit godt tak på Blindheim og har vunne dei tre siste seriekampane mot dei utan å sleppe inn mål. Vi håper denne trenden held fram.

Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Daniel Refsnes (Herd) og Kristoffer Nevstad (Aksla)
Les meir

Juniorane med ny siger!

Norborg/Brattvåg/Harøy vann søndag kveld 4-1 over Blindheim og avanserte til 4. plass på tabellen. NBH leverte ein forrykande 1. omgang og leia 4-0 etter mål av Magnus Austbø Seth, Per Kristian Grytten Søvik, Adrian Bjørlykke og eit sjølvmål. Blindheim si redusering kom heilt på tampen av kampen ved Marcel Stokkeholm.

Norborg sitt 7-er lag spelte sin første kamp for hausten og måtte sjå seg slått med 1-6 av HaNo.

Rimereit raskast til toppen!

Lars Rimereit (Eidsdal IL) vann tidenes første utgåve av Veten Opp med tida 35 min og 4 sekund. Han var med det 4 minutt og 50 sekund framfor Joachim Olsvik (39.54). Grytastrandaren Stian Driveklepp tok 3. plassen med tida 40.08.

I dameklassa vann Tonje Brande (Ålesund) med tida 44.18. Nina Kristin Øie Farstad frå Vatne tok 2. plassen med tida 51.10, medan Ida Lovise Reite (55.48) frå Langevåg kom på 3. plass.

Totalt deltok 10 damer og 26 menn i løpet. På den vanlege Vetedagen var det 165 registrerte på toppen. Bileter finn du på Norborg Trimgruppe på Facebook.

 

Vetedag søndag 2. september


Den årlege turen til Gamlemsveten blir haldt søndag 2. september med registrering på toppen mellom kl. 12 og 14. I tillegg til den vanlege turen opp så blir det halde konkurransen “Veten Opp” med start på Søvik badestrand (småbåthavna) kl. 1130. Oppmøte kl. 11 for registrering og utdeling av startnummer. Fredag kveld var det 29 påmeldte til denne konkurransen.

Det blir som vanleg quizpostar, hesteskokasting og kiosk på toppen.

Ta turen då vel!

Ny storsiger!

Norborg/Brattvåg2 tok sin fjerde strake siger då Volda2 vart sendt heim med 7-1 i sekken. Gjestane tok leiinga, men så vakna heimelaget og punkterte i realiteten kampen då Per-Stian Alvestad sette inn 5-1 målet i det 34. minutt. Norborg/BIL2 dominerte stort og kunne med litt meir presisjon ha vunne med større siffer.
Les meir..

Andre resultat:
Herd2 – Blindheim 0-1
Stranda – Ellingsøy 6-1
Hovdebygda – Skodje 3-3
Langevåg – Sæbø 3-1
Fjørtoft – Guard (Bortelaget trakk seg frå kampen)
Tabell

Heimekamp mot Volda2 torsdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kveld imot Volda2 på Uggedal stadion. Volda2 er eitt av to lag som har vunne over Norborg denne sesongen, så her håper vi gutta er på skikkeleg revansjejakt. Frå sist veke vil Kristoffer Søviknes mangle grunna Elling Mikal Kalvø sitt bryllaup. Heller ikkje Thomas Aarsund er med ettersom han fekk føling med ein lyskestrekk i sist kamp. Desse to blir erstatta av Lars Mikalsen og Vegard Ulvestad Sætre.

Dommar: Daniel Refsnes (Herd)
Assistentar: Martin Solheim (Spjelkavik) og Per-Inia Brekke (Hareid)