Frå venstre: Anna, Kornelia, Lisha, Dina, Sofie, Sienna, Lykke og Clara.
Norborg J7 hadde i går kveld ei alternativ treningsøkt med tur til “Pensjonisten”. Jentene starta nede i bygda og hadde ein spennande tur gjennom skogen med lys og lykt opp til benken der det vart ei kort drikke-/matpause, samt nyte den vakre utsikta over Søvika. Dette er alle jentene i 2. klasse ved Søvik skule, men det er ikkje alle som spelar fotball. – Vi prøver å finne på kjekke aktivitetar gjennom vinteren i lag i håp om at alle vil fortsette komande sesong, og at vi kanskje får med oss dei siste jentene på fotball også. Når skøyteisen kjem på Gamlem har vi planar om ein tur dit, og kanskje ein tur på langrenn i løpet av vinteren, seie lagleiar Christina.