Neydson redda poenget mot Valder


Norborg/Brattvåg2 – Valder 1-1 (1-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 15.05.2019

Sjansar: 7-11

1-0 Ådne Hellandsvik (20)
1-1 Jonathan Mulelid (45)

Heimelaget kan seie seg mest nøgd med poengdeling i toppoppgjeret mot Valder og kan takke sin dyktige keeper Neydson Da Silva for at det berre vart eitt baklengs. Spesielt lynraske Andreas Kvam skapte store problem for Norborg på sin høgrekant og stod bak det meste Valder skapte. Norborg kjempa hardt og tok også leiinga på eit flott skot av Ådne Hellandsvik, som spelte sin første kamp etter opphaldet i USA. Jonathan Mulelid utlikna på overtid i ein underhaldande og open 1. omgang. I ein meir rotete 2. omgang skapte Valder dei fleste sjansane, men Norborg haldt unna og har stadig til gode å sleppe inn mål etter pause i år. Norborg har også til gode å tape ein heimekamp sidan 29. september 2017. På biletet ser vi Neydson på veg til å gjere ei av sine mange redningar.
Les meir..