Norborg/Brattvåg2 – Valder 1-1 (1-1)

Norborg/Brattvåg2 – Valder 1-1 (1-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 15.05.2019

Sjansar: 8-11
Cornere: 2-3
Avslutningar på mål: 4-10
Avslutningar utanfor: 7-5
Blokkerte avslutningar: 2-3

1-0 Ådne Hellandsvik (20)
1-1 Jonathan Mulelid (45)

Heimelaget kan seie seg mest nøgd med poengdeling i toppoppgjeret mot Valder og kan takke sin dyktige keeper Neydson Da Silva for at det berre vart eitt baklengs. Spesielt lynraske Andreas Kvam skapte store problem for Norborg på sin høgrekant og stod bak det meste Valder skapte. Norborg kjempa hardt og tok også leiinga på eit flott skot av Ådne Hellandsvik, som spelte sin første kamp etter opphaldet i USA. Jonathan Mulelid utlikna på overtid i ein underhaldande og open 1. omgang. I ein meir rotete 2. omgang skapte Valder dei fleste sjansane, men Norborg haldt unna og har stadig til gode å sleppe inn mål etter pause i år. Norborg har også til gode å tape ein heimekamp sidan 29. september 2017. På biletet ser vi Neydson på veg til å gjere ei av sine mange redningar.

-Dette vart like tøft og intenst som vi venta oss. Valder er eit godt lag, og med to lag som begge gjekk i angrep direkte så vart det ein hektisk kveld. Surt å sleppe inn på overtid i første, men kampen sett under eit så er vel uavgjort greit. Vi er eitt poeng nærmere ny kontrakt enn vi var før kampstart, og det er gledeleg å sjå at spelarane som får sjansen står fram og bidreg.

Det var ein del utfordringar før kampen for Norborg/Brattvåg2 med ein del spelarar ute med sjukdom. Betre vart det heller ikkje då Ole Johan Urke måtte gi seg etter oppvarminga. Heimelaget fekk nok seg også eit lite sjokk då ein oppdaga kor rask Valder sin høgrekant Andreas Kvam var. Han presenterte seg allereie før to minutt var spelt med å parkere venstrebacken og storme mot mål, men keeper Da Silva var på jobb og redda forsøket. Norborg heva seg utover omgangen og kom seg til sin første sjanse dryge kvarteret ut i kampen då Magnus Austbø Seth tok med seg ballen innover og fekk avslutte, men skotet gjekk over mål. Då lykkast Ådne Hellandsvik betre. Frå 15 meter sette han ballen i nota til 1-0.

Norborg hadde ein god periode etter målet, og både Magnus Jensen og Jesper Vos kom seg til gode avslutningsposisjonar, men trefte ikkje innafor ramma. Valder var heile tida farlege på si høgreside ved Kvam, men det var på venstresida dei angreip når Jonathan Mulelid utlikna då han sende ballen over ein utrusande keeper og i nota. 1-1 til pause var totalt sett greitt.

Det var lenge stillingskrig og lite flott spel etter pause, men i dei siste 25 opna kampen seg meir opp. Valder kom seg til 4 store sjansar, men enten stod keeper i vegen, eller så vart ballen satt utanfor. Norborg fekk ein del kontringssjansar ein burde tatt betre vare på og hadde eit par skotforsøk frå skummelt hald ved Vos og Hellandsvik, samt ein stor sjanse ved Vidar Nilsen Rogne. Likevel, Norborg skal vere nøgd med å få behalde eitt poeng i Uggedalen denne kvelden.

Keeper Neydson Da Silva var heimelaget sin bestemann framfor Nikolai Jensen, som jobba knallhardt på midtbana. Han hadde også eit flott raid gjennom Valder sitt lag før han avslutta utanfor frå 16 meter på stillinga 1-0. Tobias Jensen fekk sin seriedebut då han kom inn til 2. omgang og kom godt frå det mot ein tøff motstandar.

Neste oppgåve for Norborg/Brattvåg2 er borte mot Emblem torsdag 23. mai kl. 1830.

Laget: Neydson Da Silva – Anders Toven (Tobias Jensen, 46), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Kristoffer Søviknes (Vidar Nilsen Rogne, 37) (Søviknes, 58) – Nikolai Jensen, Ådne Hellandsvik – Magnus Austbø Seth, Jesper Vos, Magnus Jenssen (Nilsen Rogne, 74) – Fredrik Hurlen (Eirik Vågnes, 69).