Gode sjansar for ståplass trass stortap

Norborg/Brattvåg2 måtte nok ein gong slå seg slått på heimebane med store siffer då Rollon gjesta Uggedalen, men resultata i dei andre kampane i 4. divisjon gjekk rett veg slik at alt er opp til ein sjølve før siste seriekamp borte mot Emblem på fredag. I kampen mot Rollon fekk vi sjå eit heimelag som låg i forsvar stort sett gjennom heile kampen mot eit godt bortelag. Eit par langskot av Daniel Gjerde og Jonas Nordal det første kvarteret ga Rollon 2-målsleiing til pause. I 2. omgang auka Tobias Fjørtoft, Andreas Blindheim og Jon Kristian Røsok leiinga til gjestane. Dermed 0-5, og tre fortente poeng til Rollon.
Les meir..