Rimereit raskast til toppen!

Lars Rimereit (Eidsdal IL) vann tidenes første utgåve av Veten Opp med tida 35 min og 4 sekund. Han var med det 4 minutt og 50 sekund framfor Joachim Olsvik (39.54). Grytastrandaren Stian Driveklepp tok 3. plassen med tida 40.08.

I dameklassa vann Tonje Brande (Ålesund) med tida 44.18. Nina Kristin Øie Farstad frå Vatne tok 2. plassen med tida 51.10, medan Ida Lovise Reite (55.48) frå Langevåg kom på 3. plass.

Totalt deltok 10 damer og 26 menn i løpet. På den vanlege Vetedagen var det 165 registrerte på toppen. Bileter finn du på Norborg Trimgruppe på Facebook.

 

Blomar til jubilanten!

Æresmedlem i Norborg, Helge Sigurd Uggedal, vart sist måndag 70 år ung. I det høve fekk han før kampen på torsdag overrekt blomar av sportsleg leiar Kristoffer Søviknes. Helge har vore medlem av IL Norborg sidan starten av 1962, medlem nr. 2, syns vi å huske han sa for nokre år sidan, og vart i 2002 æresmedlem. For utan å ha spelt 233 A-kampar, har han hatt fleire styreverv, dømd hundrevis av kampar, vore trenar, speaker, revisor, og er den dag i dag aktiv som kampvert på A-laget sine heimekampar. Alltid engasjert, alltid med glimt i auget og eit smil aldri langt unna. Vi takkar for ditt stadige engasjement i Norborg og alltid gode diskusjonar. Gratulerer med overstått dag!

5. divisjon torsdag

Sæbø – Herd2 1-2 (1-1)
Bjørnar Holen gav heimelaget leiinga, men Herd2 utlikna ni minutt før pause og sikra tre poeng tre minutt før slutt. Herd2 fekk dermed luke ned til dei to botnlaga og passerte også Guard på tabellen grunna betre målskilnad.

Stranda – Volda2 2-1 (1-0)
Øyvind Fjørstad ga Stranda leiinga tidleg i kampen etter corner. Volda2 utlikna like etter pause, men Tobias Hjelle sikra heimelaget alle poenga med sitt mål eit kvarter før slutt.

Fjørtoft – Langevåg 1-2 (1-0)
Hans Edvard Nordang ga heimelaget leiinga på straffe, men Vinjar Vedde utlikna like etter pause og ti minutt før slutt sørga Sebastian Nordal for siger til Langevåg. Fjørtoft gjekk dermed gjennom vårsesongen utan siger.

Tabell

Tor Grande nok ein gong til topps!

Tor Grande gjekk nok ein gong til topps i vår tippekonkurranse. Sist gong vann han på loddtrekning, men denne gong fekk han dobbelt så mange riktige som nestemann på dei tre spørsmåla vi stilte. Tor får velge mellom Norborg-genser, Norborg-ryggsekk og å bli banemann igjen, som premie!

5. divisjon: runde 7

Vårsesongen er over halvspelt og sjølv om det er veldig jamt frå 3. til 10. plass, begynne vi å sjå konturane av laga sine styrkeforhold. To lag har starta å skilt seg ut i toppen og det same i botnen, men det kan snu seg fort. Her er kampane i runde 7.
Les meir

5. divisjon: Blindheim vann 10-0

Blindheim slo til med ein 10-0 siger over Sæbø og haldt dermed på tabelltoppen. Sæbø på si side gjekk til botn på tabellen ettersom Fjørtoft greidde 0-0 borte mot Volda2. Herd2 gjekk på eit nytt tap då Skodje vann 1-2 på Moa. Stranda vann 1-0 over Hovdebygda og har dermed haldt nullen i tre heimekampar på rad. Norborg/Brattvåg2 har haldt nullen i tre kampar på rad då Ellingsøy vart sendt heim med 3-0 i sekken. Onsdag kveld vann Langevåg 3-1 over Guard på Color Line Stadion.

Tabell