Lokaloppgjer mot Fjørtoft torsdag kl. 18

Torsdag kl. 18 er det klart for årets andre kommunederby når Fjørtoft gjestar Uggedalen til seriekamp for første gong på tjue år. Utgangspunkta for laga er vidt forskjellig med Norborg/BIL2 i toppen av tabellen og Fjørtoft i tøff botnstrid.

Norborg tok ein viktig siger over Blindheim sist og står no med fem strake sigrar. Det er ein bak klubbrekorden frå 2013. Norborg måtte sjå Tor Abelseth bli skada like før pause i sist kamp. Tida vil vise om han rekk denne kampen. André Larsen er stadig skadd og kjem nok ikkje til å spele fleire kampar i år. Anders Toven var borte sist grunna jobb, men er tilbake til denne kampen.

Fjørtoft har vist seg frå ei god side etter sommaren og tatt 9 av 12 mogelege poeng, men i sist kamp var det tynn suppe med 0-5 for botnrival Herd2. Mangla då blant anna toppscorar Vegard Nybø, Aleksander Håskjold, Skjalg Volstad og Odd Øyvind Fjørtoft. Kjem nok med ein betre tropp til Uggedalen på torsdag.

Dommar: Richard Olsen (Åmdal)
Assistentar: Harald Ullahamar (Ellingsøy) og Zenun Murati (Giske)

Det vil bli sal av grillmat frå kl. 17 til 18. Så møt tidleg opp og ta middagen i Uggedalen.

G19! Seth dobbel senka Herd

Norborg/Brattvåg/Harøy tok sin tredje strake siger då Herd vart slått 2-0 på bortebane i kveld. Begge måla kom før pause ved Magnus Austbø Seth. NBH fester no grepet om 4. plassen i 1. divisjon.
Tabell

I 5. divisjon så held Skodje sitt Guard-kompleks fram då bygutane vann 4-3 og tok sin andre siger over skøyingane i år. Guard leia 2-1 til pause, men Skodje snudde til 2-3 før kampen vart snudd på nytt å ga Skodje årets første bortetap. Skodje blir dermed ståande med sine 29 poeng og har fem poeng opp til Blindheim og seks opp til Norborg/Brattvåg2 med ein kamp meir spelt. Guard klatra forbi Fjørtoft og Herd2 og er på trygg grunn. Resten av runda spelast torsdag.
Tabell

5. divisjon så langt

Vi har sett på laga sin innsats opp mot “ekspertane” sine tabelltips når 2/3 av sesongen er gjennomført. Før sesongen var det venta at trioen Langevåg, Norborg/Brattvåg2 og Blindheim skulle kjempe om dei to opprykksplassane, medan Guard, Ellingsøy og Sæbø skulle få slite i botnen.
Les meir

Vann toppkampen mot Blindheim


Preben Lorgen og Blindheim måtte nok ein gong sjå seg slått av Kristian Søviknes sitt Norborg/BIL2, men heldigvis var ikkje smilet langt unna for fjorårets assistenttrenar i Norborg. Dei oransje hadde mest krefter mot slutten av kvar omgang og var i tillegg dødeleg effektiv på dødball. Heile fire av dei fem måla kom etter dødball i ein kamp som enda med 2-5 til Norborg/Brattvåg2 og overtaking av tabelltoppen. Ein posisjon Blindheim har hatt sidan 1. serierunde.
Les meir..

Andre resultat:
Langevåg – Hovdebygda 0-2
Skodje – Stranda 2-0
Fjørtoft – Herd2 0-5
Sæbø – Volda2 4-4
Ellingsøy – Guard 2-2
Tabell

Toppoppgjer mot Blindheim

Torsdag kl. 1830 er det klart for toppoppgjer i 5. divisjon mellom Blindheim og Norborg/Brattvåg2. Norborg vann oppgjeret i vår med 3-0, men det blir nok tøffare denne gong framfor Blindheim si nye tribune.

Sidan kampen i mai så har begge laga ein del endringar i troppen. Blindheim vil mangle sine to fremste målscorarar frå i vår. Toppscorar Eivind Skovly har flytta og meldt overgong til 4. divisjonslaget Våg, medan Bjørnar Johansen er skada. I tillegg har også Tobias Rotnes Aasen mangla i haust. Inn i troppen har Hans Skovly og Stian Skaar kome. Norborg vil mangle keeper Joakim Kjærstad, Elling Mikal Kalvø, André Larsen, Ådne Hellandsvik og Tobias Vatle Faksvåg. Tre av desse starta i vårens kamp. Frå sist vekes kamp mot Volda2 så ønsker vi Kristoffer Søviknes tilbake frå USA, medan Thomas Aarsund har blitt kvitt sin skade og er klar for kamp.

Norborg har normalt eit godt tak på Blindheim og har vunne dei tre siste seriekampane mot dei utan å sleppe inn mål. Vi håper denne trenden held fram.

Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Daniel Refsnes (Herd) og Kristoffer Nevstad (Aksla)
Les meir

Ny storsiger!

Norborg/Brattvåg2 tok sin fjerde strake siger då Volda2 vart sendt heim med 7-1 i sekken. Gjestane tok leiinga, men så vakna heimelaget og punkterte i realiteten kampen då Per-Stian Alvestad sette inn 5-1 målet i det 34. minutt. Norborg/BIL2 dominerte stort og kunne med litt meir presisjon ha vunne med større siffer.
Les meir..

Andre resultat:
Herd2 – Blindheim 0-1
Stranda – Ellingsøy 6-1
Hovdebygda – Skodje 3-3
Langevåg – Sæbø 3-1
Fjørtoft – Guard (Bortelaget trakk seg frå kampen)
Tabell

Heimekamp mot Volda2 torsdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kveld imot Volda2 på Uggedal stadion. Volda2 er eitt av to lag som har vunne over Norborg denne sesongen, så her håper vi gutta er på skikkeleg revansjejakt. Frå sist veke vil Kristoffer Søviknes mangle grunna Elling Mikal Kalvø sitt bryllaup. Heller ikkje Thomas Aarsund er med ettersom han fekk føling med ein lyskestrekk i sist kamp. Desse to blir erstatta av Lars Mikalsen og Vegard Ulvestad Sætre.

Dommar: Daniel Refsnes (Herd)
Assistentar: Martin Solheim (Spjelkavik) og Per-Inia Brekke (Hareid)

 

Urkedal åleine på topp!

28. mai 2015 vart Tarjei Gjerset Urkedal tidenes målscorar i Norborg då han sette inn sitt 214. mål, men i antall seriemål har han vore bak Kim Idar Krogsethagen (134 seriemål / 213 totalt). Dei fleste trudde nok også at Tarjei si tid som storscorar var forbi sidan det berre vart eitt seriemål i 2016 og ingen i fjor. Men, i løpet av dei siste kampane har tømraren og bondesonen frå Gjerset verkeleg satt inn støtet. På dei siste fire kampane har han scora sitt 132. (mot Stranda), 133. (mot Guard), 134. (mot Herd2), og i det 58. minutt mot Sæbø klinka han inn sitt 135. seriemål på heil volley og tronar åleine på topp som tidenes målscorar for Norborg også i serien.
Les meir

Fylkesserie i 4. divisjon?

Sunnmøre fotballkrets har kome med følgjande pressemelding:
På Forbundstinget tidlegare i år vart det fremma forslag om å redusere antall lag som rykker ned frå 3. divisjon til 4. divisjon frå 4 til 3 lag i kvar avdeling. Dette er noko dei fleste er samde om. Spørsmålet er då korleis ein skal frå redusert antall lag som rykker opp frå 4. divisjon? 

Eit utval som vart satt ned har kome fram til to alternativ:
  1. Antall 4. div. avdelinger blir redusert frå dagens 24 til 18. Det betyr at Sunnmøre slåast saman med Nordmøre og Romsdal til ein fylkesserie. Vinnaren rykker direkte opp.
  2. Antall 4. div. avdelinger blir som i dag, men avdelingsvinnarane spelar kvalifisering om opprykk. Det opprettast seks kvaliferingspuljer à fire lag der tre av laga rykker opp. Vinnaren på Sunnmøre skal då spele kvalifisering mot vinnaren i Nordmøre og Romsdal og dei to avdelingsvinnarane i Trøndelag om tre ledige plassar.

Desse to forslaga er sendt ut på høring til krinsane og alle klubbane på nivå fire og fem (3. og 4. divisjon menn). Frist for høringen er satt til 7. september. Styret i Sunnmøre Fotballkrets vil behandle spørsmålet på neste styremøte som allerede er førstkommende måndag.

Korleis påverkar dette Norborg? Dersom alternativ 1 blir tilfelle, så blir det eit nytt nedrykksras frå 4. og 5. divisjon i 2019. Truleg blir det då også fremma forslag om å redusere 6. divisjon frå 3 til 1 avdeling og opprette ein 7. divisjon med 2 avdelingar (eller 3 avdelingar alt etter kor mange som melder på lag). Det blir dermed ein hard kamp om ståplassane i alle sunnmørsdivisjonane. Blir alternativ 2 tilfelle, så vil det berre påverke sjølve vinnaren av 4. divisjon, samt laga i 4. og 5. divisjon som ligg utsett til nede på tabellen om Sunnmøre sin 4. divisjonsvinnar skulle tape kvalifiseringsgruppa si.

Ein 4. divisjon Møre og Romsdal i 2020 kan kanskje sjå slik ut: AaFK2, Bergsøy, Emblem, Volda, Rollon, SIF/Hessa, Sunndal, Eide, Surnadal, Tomrefjord, Åndalsnes og Kristiansund FK.

5. divisjon Sunnmøre 2020 kan sjå slik ut: Ørsta, Valder, Larsnes/Gursken, Hareid, Godøy, FK Sykkylven, Blindheim, Norborg/BIL2, Skodje, Langevåg, Stranda og Aksla.

Absolutt interessante divisjonar sportsleg sett, men så spørs det om endå ei spissing er vegen å gå i breiddefotballen om ein ønsker at flest mogeleg skal ha tid til å spele fotball? Debatten går på Lokalfotballen Sunnmøre si facebookside.