Stranda måtte vente heilt til den 6. serierunda før dei scora sitt første mål før pause. Tobias Hjelle scora då mot Hovdebygda i det 27. minutt.
Fjørtoft vann sin første omgang då dei vann 2. omgang 2-0 over Blindheim i runde 7.
Fjørtoft måtte vente til den 12. runda før dei gjekk av bana med siger. Slo då Hovdebygda 3-2.
Stranda var det einaste laget som ikkje tapte for Norborg/BIL2. 4-4 i Uggedalen og 3-3 på Stranda.
Når Langevåg vann 12-1 over Fjørtoft i siste runde så fekk Langevåg målskilnaden 69-31, medan Fjørtoft fekk den motsette 31-69.
Skodje tok fleire poeng (35) enn dei scora mål (34).
Berre 4 (Norborg/BIL2, Blindheim, Langevåg og Herd2) av dei 12 laga enda med positiv målskilnad.
Både Norborg/BIL2 og Blindheim haldt nullen i 10 kampar.
Les meir

Kaptein Kjell Terje Brusdal spelte samtlege 22 kampar og var dermed den som spelte mest av totalt 36 nytta spelarar for Norborg/Brattvåg2 i årets 5. divisjon. Storscorar Magnus Austbø Seth spelte alle bortsett frå bortekampen mot Hovdebygda og er ein god nummer to. Gledeleg er det at Tor Abelseth har hatt ein stort sett skadefri sesong og fekk også speletid i 21 av kampane. Abelseth måtte stå over bortekampen mot Ellingsøy grunna sjukdom, og hadde litt småskader før to av kampane og starta dermed på benken i dei. Dermed har 17-åringen Gard Sæterøy Rogne 100 fleire minutt på bana. Rogne har hatt ein god førstesesong for samarbeidslaget. Det skal bli spennande å følge utviklinga. På 5. plass i speletid finn vi hovudmotor Kristoffer Søviknes. Han har hatt ein ny vår som midtbanespelar og har vore betre trent enn på mange år. Det resulterte i heile 15 mål. Noko som er ny rekord for den opprinnelege spissen. Fullstendig liste finn du på lenka nedanfor.
Norborg/Brattvåg2 spelte 3-3 mot Stranda i sin siste bortekamp for året og vart krinsmeistrar ettersom Blindheim tapte for Langevåg. Sjølve kampen mot Stranda var ikkje like solid som vi har vore vande med i haust. Stranda hadde gjort heimeleksa si og passa godt på spiss Magnus Austbø Seth, samstundes som dei slo til med raske angrep. Eit mål vart det likevel på Seth, som no har scora i 8 strake kampar. Heile tre gongar var Stranda i føringa, men Norborg/BIL2 sine spelarar skal ha honnør for god moral med å kome tilbake kvar gong. Poengdeling var eit greit utfall i ein kamp Norborg hadde ballen mest, men Stranda hadde like mange sjansar. Stranda er dermed det einaste laget Norborg ikkje har slått i år sidan kampen i Uggedalen enda med 4-4. Jesper Vos var Norborg sin beste spelar med to mål og fleire gode involveringar etter at han entra bana ti minutt før pause.