Årets tabellutvikling i 4. divisjon

Årets 4. divisjon Sunnmøre er ferdigspelt og vi kan gratulere Herd med KM-tittelen. Dei har stort sett haldt 1. plassen gjennom heile sesongen og aldri vore lenger nede enn 2. plass. Bergsøy opna litt famlande, men etter 10 strake sigrar, årets lengste sigersrekke, gjekk dei opp på 1. plass fire runder før slutt. Ei svak sesongavslutning med berre fire poeng på dei fire siste kampane, gav Herd ein suveren siger i divisjonen. Norborg har stort sett hatt 8. plassen, men ei sterk sesongavslutning førte våre gutar opp på ein 5. plass. Her er utviklinga av årets 4. divisjon:

Strålande avslutning på sesongen

Norborg/Brattvåg2 vann heile 6-1 borte mot Larsnes/Gursken/Gjerdsvika i sesongens siste kamp. Heimelaget starta best, men etter at Jesper Vos sette inn 0-1 i det 12. speleminutt såg ikkje oransjetrøyene seg tilbake. Henrik Otterlei Hurlen scora fire på rad før Magnus Otterlei sette inn 0-6 ti minutt før slutt. Heimelaget fekk seg eit trøystemål like før slutt ved Bern Leikanger Gotten. Norborg/BIL2 har levert ein sterk haust med 19 poeng mot 11 poeng i vår. Det enda dermed med ein absolutt godkjent 5. plass i 4. divisjon.
Les meir..

Sikra plassen trass tap

Norborg/Brattvåg2 tapte 4-1 i bortekampen mot Hovdebygda, men sidan Langevåg vann sin bortekamp over LGFK/Gjerdsvika vart det likevel ein god kveld for dei oransje. Plassen i 4. divisjon er nemleg sikra sidan ein Langevåg, Emblem og LGFK/Gjerdsvika ikkje kan passere Norborg. Sjølve kampen mot Hovdebygda mållaus før pause, men etter pause scora Hovdebygda jamt og trutt før Kristoffer Søviknes sette inn Norborg sitt trøystemål på straffe like før slutt. Dette var Kristoffer sitt 97. seriemål og 148. mål totalt i si seniorkarriere. Kampreferat.

Tabell

Topplaget vart for sterkt!

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 0-3 av Herd under sure speletilhøve på Uggedal KGB fredag kveld. Herd tok tidleg leiinga ved Kristian Flovik og hadde grei kontroll på kampen mot eit heimelag som sleit med å skape sjansar. Flovik gjorde 0-2 ti minutt før pause, medan Eirik Halkjelsvik fastsette sluttresultatet like før slutt.
Les meir..

To tapte poeng

Norborg/Brattvåg2 sløste med sjansane i kveldens kamp mot SIF/Hessa og måtte i nok ein heimekamp gå av bana utan siger. Denne gong vart det 2-2. Martin Koch klinka inn 1-0 frå 18 meter tretten minutt ut i kampen. Gleda varte ikkje lenge for Gaute Kvalsvik heada inn utlikning fire minutt seinare før same mann klinka inn 1-2 frå 30 meter kvarteret før pause. Like før pause utlikna Tobias Jensen til 2-2. Etter pause hadde Norborg dei fleste klare målsjansane og både Magnus Otterlei, Erlend Blø og Martin Koch burde ha avgjort kampen.
Kampreferat.

Heimekamp mot SIF/Hessa onsdag kl. 1815

Norborg/Brattvåg2 tek onsdag imot SIF/Hessa på Uggedal stadion til årets siste graskamp. Norborg har vist solid borteform med 6-2 over Emblem og 6-4 over Blindheim i sine to siste kampar. No gjeld det å finne denne forma også på heimebane. Møt opp for å sjå om det blir game, set, match til Norborg.