Kick off for aldersbestemte spelarar

Før A-kampen på torsdag hadde Norborg fotballtrening for ca. 70 barn. Treninga vart leia av juniorane Eirik Valaker Røren, Richard Anderson, Anders Finnøy og Thomas Haugen. Ungane hadde det kjekt både under og etter trening og der dei fekk servert frukt og pølse med brød, samt utlevert Norborg drikkeflaske.

 

G19: Siger i serieopninga

Brattvåg/Norborg/Harøy vann serieopninga med 5-1 borte mot Langevåg. Per Kristian Helle Hildre sørga for 2-0 leiing ved pause. Han fortsette scoringsshowet sitt etter kvila med to nye mål før heimelaget reduserte. Sander Tharaldsen fastsette sluttresultatet til 5-1.

Første trening for 6-åringane

Tidlegare i vinter inviterte Norborg alle 6-åringar ved Grytastranda Montessoriskule og Søvik skule til trening, og i går var dagen komen då dei hadde si første trening. Tretten ivrige gutar og jenter vart ønska velkomen av yngres leiar Tarjei Gjerset Urkedal, og hadde ei kjekk fotballøkt saman med han.

Fotballskule i veke 27

Norborg sin fotballskule blir i år haldt i veke 27 (1. til 5. juli) på Uggedal KGB.

ALDER 7-14 ÅR

Leiar for fotballskulen blir Matias Mork Vateødegård, samt instruktørar frå Juniorlaget.

Matias (21) kjem frå Vatne og studerer til dagleg i Volda. Han har spelt på Norborg sitt A-lag og er ein særs teknisk spelar med god speleforståing. Så her er det berre å melde på den håpefulle for fotballundervisning og fotball leik av øvste klasse.

PÅMELDINGSFRIST 5. JUNI 2019.

Plassen er sikra når betaling er registrert. Betalingsfrist: 12. juni 2019.

Klubbhuset vil vere opent frå kl. 08.00 – 15.00 med leiarar til stades.

Pris kr 1.000,- inkludert lunsj og fruktmåltid.

Pris for søsken (barn nr. 2, 3 -) er kr 750,-. pr. barn.

Betaling til kontonr.: 3910.43.08744

Påmelding til norborg.fotball@norborg.com

 

G19: Fekk stryk av Ørskog

Brattvåg/Norborg/Harøy gjekk på ein smell mot Ørskog og tapte heile 5-0 (1-0) i den siste av “kvalifiseringskampane” for spel i 1. divisjon. B/N/H vart dermed nr. 3 av dei 4 laga i gruppa. Langevåg vann gruppa med Ørskog på 2. plass og Blindheim på sisteplass. På grunn av få påmeldte lag er alle kvalifisert for 1. divisjon.

Laget: Robin Bergtun, Fredrik Rogne, Alexander Otterlei, Martin Witsø, Daniel Forsland, Adrian Bjørlykke, Tobias Jensen, Eirik Vågnes, Marius Otterlei, Per Kristian Helle Hildre, Igor Pekarskiy.
Innbyttarar: Anders Finnøy, Erling Otterlei, Eirik Valaker, Richard Andersson, Thomas Haugen.

G19: Rogne og Jonassen nye trenarar

Marius Fylling Rogne og Alexander Jonassen blir trenarar for Brattvåg/Norborg/Harøy sitt juniorlag etter at Torgeir Finnanger Garshol og Azem Maksumic gav seg etter fjoråret. Marius kjenner dei fleste som Norborg-spelar, medan Alexander Jonassen er eit nytt andlet på Sunnmøre. Han skal spele for Brattvåg i 2. divisjon etter å ha meldt overgong frå Træff for kort tid sidan. Vi takkar gamletrenarane for innsatsen og ønsker dei nye lykke til.

Første kamp er allereie på søndag då ein spelar kvalifiseringskamp for 1. divisjon mot Langevåg i Sparebanken Møre Arena kl. 1430. Blindheim og Ørskog er dei to andre laga i kvalifiseringsgruppa.

Sporty jenter på utflukt


Frå venstre: Anna, Kornelia, Lisha, Dina, Sofie, Sienna, Lykke og Clara.

Norborg J7 hadde i går kveld ei alternativ treningsøkt med tur til “Pensjonisten”. Jentene starta nede i bygda og hadde ein spennande tur gjennom skogen med lys og lykt opp til benken der det vart ei kort drikke-/matpause, samt nyte den vakre utsikta over Søvika. Dette er alle jentene i 2. klasse ved Søvik skule, men det er ikkje alle som spelar fotball.  – Vi prøver å finne på kjekke aktivitetar gjennom vinteren i lag i håp om at alle vil fortsette komande sesong, og at vi kanskje får med oss dei siste jentene på fotball også. Når skøyteisen kjem på Gamlem har vi planar om ein tur dit, og kanskje ein tur på langrenn i løpet av vinteren, seie lagleiar Christina.

G19: Storsiger i siste kamp

Norborg/Brattvåg/Harøy vann 6-0 over Emblem i årets siste kamp. Magnus Austbø Seth 3, Per Kristian Helle Hildre 2 og Siver Davik scora måla. NBH klatra forbi Herd og opp på den viktige 4. plassen, som gir automatisk plass i neste års 1. divisjon. Herd er poenget bak, men har to kampar til gode.
Tabell

  • Herd vann måndag kveld 2-1 over Spjelkavik og passerte Norborg/Brattvåg/Harøy på tabellen. NBH blir dermed nr. 5.