Fram til fredag kan du stemme på Norborg sin keeper Ronald Søvik Olsen som årets lagspelar på Sunnmøre. Du kan gi di stemme her.
Author Archives: Frode Engeset
Tapte serieavslutninga
Norborg/Brattvåg2 tapte årets siste kamp med 6-1 for Volda2. Heimelaget var best før pause, medan Norborg styrte det meste etter og burde ha fått med seg eit betre resultat. Tor Abelseth scora for dei oransje. Les meir..
Årets siste heimekamp
Fredag kl. 1830 spelar Norborg/Brattvåg2 årets siste heimekamp då Hovdebygda gjestar Uggedal KGB. Norborg står framleis utan heimesiger i årets sesong, men vonleg mobiliserer laget skikkeleg for å knuse denne smultringen. Hovdebygda var gjerne tre enkle poeng i vår storheitstid på 2000- og 2010-talet, men etter 8-1 sigeren 11. oktober 2018 har det blitt fire kampar utan siger mot Kenneth Nydahl sine disiplar. Det må vi gjere noko med. Vél møtt!
Oppløftande 2. omgang mot Aksla
Norborg står framleis utan heimesiger i årets sesong etter at Aksla vart for sterke og reiste heim med 1-5 siger. Aksla dominerte stor i starten av kampen og leia 0-3 når eit drygt kvarter var spelt. Norborg heva seg noko etter pause og scora eit vakkert mål ved Robert Dulgheru.
Les meir..
Heimekamp mot Aksla fredag kl. 1830
Norborg fortsette fredag jakta på sine første poeng sidan 29. juni når Aksla kjem på besøk. Aksla har vunne alle sine tre tidlegare tellande seriekampar (to i 1981 og ein i vår) mot Norborg ettersom dei i 2004 tapte so stort (9-0) at dei valgte å trekke laget for å fjerna denne stygge ripa i klubbhistoria si. Tarjei Urkedal er einaste spelar igjen frå den kampen som er aktuell til å starte fredagens kamp. Om han blir kvitt ein strekk han fekk sist fredag. Om du ønske å mimre tilbake til det glade 2000-talet så finn du kampreferatet mot Aksla her, men ta deg heller ein tur til Uggedalen for å støtte dagens mannskap.
Vél møtt!
Unngjekk dusinet
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått heile 1-11 av Herd fredag kveld. Gjestane viste ein effektivitet vi sjeldan ser og heimelaget frykta ei stund for at ein skulle gå på tidenes største Norborg-tap då den eine avslutninga etter den andre fann vegen til nettmaskene. Heldigvis tapte ein den siste halvtimen berre 0-1 slik at 0-12 rekorden frå 1997 framleis står.
Les meir..
Stortap i botnkampen
Norborg/Brattvåg2 tapte botnkampen mot Blindheim med heile 6-0. I front for massakren stod Lukas Slyngstadli med mor frå Grytastranda og far frå Slyngstad, Han scora to mål før pause og fullførte hat-tricket sitt like etter sidebyte.
Les meir..
Bittert tap mot Hareid
Norborg kjempa godt, men minuttet før slutt måtte ein på nytt sjå poenget forsvinne då Petter Haddal Worren sette eit frispark frå 25 meter i nota. Bittert for Norborg, men fortent for Hareid som hadde skapt fleire store sjansar i løpet av kampen. Norborg på si side skapte ingenting dei første 80, men i minutta før Hareid sitt mål kom Robert Dulgheru seg til to gode moglegheiter, men diverre utan nettsus.
Les meir..
Heimekamp mot Hareid fredag kl. 1830
Norborg/Brattvåg2 jaktar årets 2. siger når Hareid kjem på besøk fredag. Vél møtt!
Stortap i Ørsta
Norborg/Brattvåg2 gjekk på eit 8-0 tap borte mot Ørsta torsdag kveld. Allereie før halvtimen var spelt hadde Knut Erik Myklebust scora hat-trick, medan Steffen Myklebust auka to gongar før pause. Ein Norborg-spelar scora først etter pause, men diverre i eige mål. Martin Bondhus la på til 7-0 eit kvarter før slutt, medan Knut Erik Myklebust scora sitt fjerde for dagen ti minutt seinare. Ingen comeback denne gongen, men trenar Marius Koch Rogne fekk sin A-kamp nr. 50 for Norborg.
Kampreferat

