Tysdag 17. september arrangerer Sunnmøre fotballkrets rekrutteringsdommarkurs for dei som er 20 år eller eldre, med erfaring som spelar, trenar eller anna rolle rundt fotballen. Kurset vert halde digitalt på Teams, men alle deltakarar må ha gjennomfør e-læringsdelen på førehand. Deltakarane kan også rekne med å kome i sving med dømming raskt etter gjennomført kurs. Les meir på krinsen si nettside.
Trykk her for:
Påmelding og meir informasjon om kurset.



Etter over 2 månader utan siger kunne Norborg igjen få juble for 3 poeng då ein vann 1-0 over Volda2 under strålande speletilhøve i Uggedalen. Sjølve kampen var heller ein 5-0 kamp enn 1-0, men Norborg slit framfor mål, og bomma og bomma. Heller ikkje eit straffespark traff mål. Etter 0-0 ved pause sørga Eirik Koppen Vågnes for mål før to minutt var spelt av 2. omgang. Norborg skapte ikkje so mange sjansar etter kvila som før, men hadde eit par feite tilbod om mål som ein ikkje tok vare på. På overtid fekk Volda2 sin eine sjanse, men frisparket frå 18 meter vart satt utanfor mål. Dermed kunne heimespelarane og tilskodarane puste letta ut. Med desse poenga har ein heng på laga framom på 