Norborg – Aksla 9-0 (3-0) |
|
Arena: Norborg gras, 29.05.04
Tilskodarar: 88 1-0 Geir Ove Grønli (22)2-0 Kim Idar Krogsethagen (41) 3-0 Kim Idar krogsethagen (43) 4-0 Tarjei Gjerset Urkedal (63) 5-0 Roger Grytten (67) 6-0 Tarjei Gjerset Urkedal (69) 7-0 Kim Idar Krogsethagen (80) 8-0 Edward Laverton (84) 9-0 Edward Laverton (86) Dommar: Kjell Heltne (Spjelkavik) -7 Assistentdommarar: Birger Skårsmoen (Alvdal) og Antoni Vike Danielsen (Rollon) BB: Roger Grytten (Norborg) |
Laget: Kurt Erik Grytten Christian Søvik – (Knut Ivar Bjørlykhaug, 80) Kenneth Vegsund Geir Ove Grønli Steffen Grytten – (Jan Even Drønnesund, 87) Eirik York – (Øyvind Kvammen, 37) Roger Grytten Tarjei Gjerset Urkedal Kristian Søviknes Kim Idar Krogsethagen – (Edward Laverton, 81) Alexander Gamlem – (Espen Solheim, 76) |
Som resultat tilseie så var det einvegskjøring i Søvikdalen på laurdag. Norborg dominerte frå start til slutt å tok ein høgst fortent 9-0 siger. Noko som ikkje var eit mål for lite.
Norborg tok umiddelbart initiativet i kampen, men sleit med å skape sjansar dei første ti minutta. Til det vart sistetrekket for upresist, men frå det tiande minutt kom sjansane på løpande band. Både Kenneth Vegsund, Christian Søvik og Kristian Søviknes hadde sine sjansar før Geir Ove Grønli sette inn 1-0 på ei heading etter ein godt slått corner av Kristian. Halve omgangen var då spelt.
Kim med stigande målform Etter målet gjekk kampen inn i ein dødperiode. Norborg var for upresise i oppspela til spissane, medan Aksla ikkje var i stand til å spele ball. Dei siste fem minutta av omgangen vart det så action igjen. Tarjei Urkedal vart skubba i bakken innafor straffefeltet og ein vaken dommar dømmer straffe. Den sette Kim Idar Krogsethagen sikkert i mål etter å ha sendt keeper feil veg. Like etter får samme spelar til ein perfekt lobb frå 30 meter. Ballen går over keeper og i mål til 3-0. – Ej kjenne igjen denna, kom det ifrå Brattvåg-keeper Espen Wold på sidelinja, med klar tanke på fjorårets Øyacup. Fortent leiing ved pause Norborg gjekk dermed til pause med ei fortent 3-0 leiing etter å ha dominert kraftig i den sterke medvinden ein hadde i 1. omgang. Aksla på si side kom seg sjeldan inn i Norborg sin 16 meter, og Kurt Erik Grytten i Norborg-målet var nær sagt arbeidsledig bortsett frå nokre gjennomspel han var fint ute å braut og eit forsøk på lobb frå 13 meter, noko som var det einaste som likna på ein Aksla-sjanse i 1. omgang. Raude Aksla Etter pausen er det Aksla som har medvind, og greier å flytte laget litt høgare opp på bana. Dette gjer at laget faktisk spelar seg fram til ein corner i løpet av dei første minutta, men så starta det å koke over for Aksla sine midtstopparar. Først er det Kim Idar dei blir forbanna på, så er det Geir Ove. Når Geir Ove så blir skubba i bakken har dommar ingenting anna å gjere enn å vise det raude kortet. Med eine midtstopparen utvist fortsette Aksla med tre mann bake. Dette går bra i dryge ti minutt, men så starta Norborg-maskina for alvor. Sjanse på sjanse Etter 63 minutt fintar Kim Idar seg igjennom Aksla-forsvaret, men er uheldig med skotet og keeper redda, men Tarjei Urkedal er vaken på returen å sette ballen sikkert i mål. I minutta etter får Kim Idar to store sjansar. Først blir han spelt igjennom av Roger Grytten, men aleine med keeper misser han. Minuttet etter skal han styre eit Øyvind Kvammen innlegg i mål, men treff ikkje skikkeleg på ballen. Roger driblefot Ved halvspelt omgang får vi så eit vakkert mål av Roger. Han driblar seg inn i 16 meteren, lurer alt og alle å sette ballen sikkert i mål frå 7 meter. Vakker kunst av Roger, og 5-0. To minutt seinare er det Kristian som fangar ballen utafor 16 meteren, rykker forbi eit par mann og legg ut til Tarjei som presist styrer inn 6-0. Espen med seriedebut Eit kvarter før slutt kjem gutespelar Espen Solheim inn og får sin seriedebut på seniornivå. Han får umiddelbart sjansen aleine med keeper, men er litt uheldig med siste touchen og keeper får snappa ballen. Ti minutt før slutt skal det likevel bli 7-0, og nok ein gong er Kim Idar ute med ein elegant lobb over keeper frå 25 meter. Minuttet etter er Norborg i angrep igjen. Øyvind Kvammen kjem seg inn i 16 meteren, men blir sparka ned. Ei klar straffe, men den elles gode dommaren vinkar spelet vidare. Tenåringane fullførar massakren Fem minutt før slutt får vi 8-0. Debutant Espen kjem seg rundt på venstrekanten og spelar inn til Edward Laverton som scora sikkert frå 8 meter. Minuttet etter er Espen på farta igjen, men keeper får snappa ballen. Espen gir seg likevel ikkje å vinn tilbake ballen, men blir så skubba i bakken av ein Aksla-kapteinen. Publikum roper på straffe, men dommaren vinkar spelet vidare. Aksla-kapteinen slenger så ein spydig kommentar til Norborg: – Kan ikkje hive innpå ein 8-åring som berre dett. Norborg-supportar Trond Magnussen kom med følgjande motsvar: – Dette er ingen divisjon for pensjonistar heller. Fire minutt før slutt kjem Aksla seg til sin første store sjanse. Ein Aksla-spelar snappar eit utkast frå Kurt Erik å kjem seg inn i 16 meteren, men frå skrått hald skyt han like utafor. Norborg sette i gang spelet raskt. Kristian spelar igjennom Edward som runder keeper å sette inn 9-0. Like før slutt er Aksla nær ved å få ei redusering, men Kurt Erik reddar glimrande avslutninga frå kloss hald. Dermed blir det 9-0. Ein siger som ikkje var eit mål for lite. Bra vorspiel før festen neste fredagSom resultatet tilseie så dominerte Norborg denne kampen kraftig. Spelarane var tydeleg innstilt på å vise seg frå si beste side etter det uheldige tapet mot Vigra i sist kamp, og tok tak i kampen umiddelbart. Vi kan seie at dette var eit svært vellykka vorspiel til det som skal skje på fredag. Då er det nemleg årets første Haramsderby i 4. divisjon mellom HaNo og Norborg. Vanskeleg å plukke ut kven som var best på Norborg i denne kampen sidan det først og fremst var ein lagsiger, men Roger Grytten er ein spelar det er vanskeleg å kome utanom. Han jobbar godt og gjer det meste riktig med ball i beina. Elles skryt til absolutt alle involverte på Norborg i dag. Lokomotivfotballen er tilbake! |