Fleire av Norborg/BIL2 sine spelarar har kome opp i muntleg eksamen på fredag og blir ikkje å sjå på Hovdebygda stadion torsdag kveld. Det er sjølvsagt ei skandale at eksamenslesing blir prioritert framfor 5. divisjonsfotball, men slik er dagens ungdom.
Magnus Austbø Seth, Nikolai Jensen, Vidar Nilsen Rogne og Tobias Vatle Faksvåg er oppteken med eksamen. André Larsen har reist på fjelltur, medan Jonas Holmeset har reist til syden. Tarjei Urkedal og Anders Toven prioriterer jobb. Per-Stian Alvestad og Gard Rogne er tilbake etter seine forfall sist. Gledeleg er det også å sjå Matias Vatneødegård tilbake i troppen for første gong sidan han var banens beste i 3-1 sigeren over Hareid i siste seriekamp i fjor. Så er det duka for to andre overraskingar. Trenarteamet Kristian Søviknes og Øyvind Sundnes har nemleg tatt med seg sjølve i 15-mannstroppen.
Likevel, Norborg stiller med både ein god 11-ar og ein god benk. Det må også til når ein skal ut i ein vanskeleg bortekamp mot Hovdebygda. Eit lag som scorar mykje mål og er gode heime.
Dommar: Ole Petter Stenberg (Sunnylven)
Assistentar: Bjørn Bakkom (Ørsta) og Dagfinn Tjervåg (Hasundgot)

Spjelkavik – Norborg/Brattvåg/Harøy 6-2 (1-0)
Norborg/Brattvåg2 tok ein viktig 3-2 siger over Langevåg på Uggedal stadion torsdag kveld. Heimelaget var best før pause og kunne gå til pause med 3-1 leiing etter at Langevåg scora først. Etter kvila fekk vi sjå ein rotete omgang der Langevåg var hakket best. Etter ei tidleg redusering verka Norborg å ha kontroll defensivt, men i løpet av sluttminutta var gjestane nær utlikning ved tre høve. Heldigvis fekk keeper og forsvar rydda unna så poenga vart verande i Uggedalen. Magnus Austbø Seth (2) og Elling Mikal Kalvø scora Norborg sine mål.
Nikolai Jensen (18) har vore satt ut av spel sidan påska med eit trøyttleiksbrot i foten. I midten av mai fjerna han gipsen og har sidan vore til opptrening. No er endeleg dagen komen der han er med i kamptroppen for første gong i årets 5. divisjon. – Nikolai er aktuell frå start i kveldens kamp mot Langevåg, seier trenar Søviknes om sin treningsivrige spelar.


