Fotballskule i Uggedalen

Norborg held denne veka fotballskule for 54 barn i Uggedalen. Instruktør er Jonas Storlykken frå Ålesund, med hjelparar frå juniorlaget. Det starta med litt dårleg ver, men det stoppa ikkje fotballgleda til barna. Dei stortrivst og koser seg med dyktige leiarar, god mat og frukt, og mykje fotball. Her er eit knippe bilete frå veka. (Oppdatert med bilete frå fredag)
Les meir

Bortekamp mot Guard onsdag kl. 19

Norborg/Brattvåg2 tek onsdag turen til Color Line stadion for å møte Guard.

Norborg har ein stor stall å velge frå i denne kampen. Berre André Larsen (overtrakk), Magnus Jenssen (jobb) og Ruben Holmeset (sjøen) manglar. Det betyr at Elling Mikal Kalvø er tilbake frå sjukdom. Tor Abelseth, som måtte gi seg tidleg i kampen mot Stranda, er også klar til kamp. Patrik Hjelmseth syns ferien i 2. divisjon er for lang og vil vere med på denne kampen.

Norborg og Guard var ofte i same divisjon på 1970-talet, men har ikkje møtt kvarandre sidan 1983. Ein av grunnane til dette er at Guard ikkje hadde A-lag frå 1995 til 2013. I 2014 starta dei opp igjen i 6. divisjon, og etter nokre år i toppen av divisjonen tok dei steget opp til 5. divisjon etter å ha slått Åmdal i kvalifiseringskampar i fjor haust.

Guard har foreløpig gjort det brukbart og ligg på trygg grunn. Det er likevel på bortebane Guard er best. Dei scorar mange mål, faktisk er det berre Blindheim og Norborg som scorer meir. Defensivt går det ikkje like bra sjølv om dei har velkjente Kristian Muriås i mål. Av spelarar vi kan legge til merke er det Kristoffer Holmen, som tidlegare har spelt for Langevåg, Erik Røsvik, som har 2. og 3. divisjonserfaring med Skarbøvik, Elverum og Rollon, og ikkje minst Joakim Bendal, som har 60 mål på 46 kampar for Guard. Ni av dei på sju kampar i år. Vi skal heller ikkje gløyme tidlegare AaFK-spelar og trenar Trond Fredriksen. Alt i alt eit rutinert lag som Norborg må vere skjerpa mot.

Dommar: Jan Lund (Godøy)

5. divisjon runde 11

Då har vi kome fram til siste serierunde før sommaren. Skodje og Ellingsøy har allereie tatt ferie sidan dei spelte sin kamp i går. Det enda med 2-1 siger til Skodje, som dermed ligg på opprykksplass før resten av runda spelast. Runda sin toppkamp er Hovdebygda-Blindheim, medan dei andre laga på øvre halvdel på papiret skal ha eit enkelt kampprogram.
Les meir

Tor Grande nok ein gong til topps!

Tor Grande gjekk nok ein gong til topps i vår tippekonkurranse. Sist gong vann han på loddtrekning, men denne gong fekk han dobbelt så mange riktige som nestemann på dei tre spørsmåla vi stilte. Tor får velge mellom Norborg-genser, Norborg-ryggsekk og å bli banemann igjen, som premie!

Ellevill kamp i Uggedalen

Det vart ein utruleg kamp på Uggedal stadion torsdag kveld når topplaga Norborg/BIL2 og Stranda møttes. Heimelaget kom best i gong og dominerte spelet utan å score. Ti minutt før pause scora Stranda på sin første sjanse, og fortsette å score og score til det stod 0-4 fem minutt ut i 2. omgang. Då vakna endeleg Norborg, og på dei siste 25 minutta henta ein opp Stranda si leiing og behaldt eitt poeng. Kristoffer Søviknes (2), Gard Rogne og Tarjei Urkedal scora for heimelaget. Kristupas Prismantas, Eimantas Simanauskas, Tobias Hjelle og Edvinas Sagalovas scora for gjestane. – Vi starta kampen greit, men eg sakna likevel meir trøkk i den perioden vi styrer. Dei siste tjue inn mot pause er grusomme. Vi ramla totalt saman. Har null duellvilje og gjer grove feil. Vi får også ein i fleisen kort tid etter pausa, men viser god moral og står verkeleg på for å få noko ut av kampen. Fullt fortent når utlikninga var eit faktum, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Kampreferat.

Andre resultat:
Volda2 – Hovdebygda 0-1
Ellingsøy – Sæbø 2-1
Herd2 – Guard 0-3
Fjørtoft – Skodje 1-2
Blindheim – Langevåg 1-1
Tabell

Solid siger i Hovdebygda

Norborg/Brattvåg2 leverte ein solid bortekamp mot Hovdebygda og vann 3-0 etter to mål av Per-Stian Alvestad og eitt av Jesper Vos. Heimelaget overraska med å vere eit særs spelande lag, men vart effektivt stoppa når dei nærma seg Norborg sin 16 meter. Norborg hadde god kontroll defensivt og var effektive på kontringar i ein relativt sjansefattig kamp. På biletet ser vi Magnus Jenssen, som hadde målgjevande, og Per-Stian Alvestad, som scora to mål.
Les meir..