Våre naboklubbar Brattvåg og Ravn stiller med til saman fire lag på årets Norway Cup. På linkane under finn du kampar og resultat.
Brattvåg J15
Brattvåg City G16
Brattvåg United G16
Ravn J16
Våre naboklubbar Brattvåg og Ravn stiller med til saman fire lag på årets Norway Cup. På linkane under finn du kampar og resultat.
Brattvåg J15
Brattvåg City G16
Brattvåg United G16
Ravn J16
Stian Grytten Skogvoll (20) er tilbake frå militærteneste og slutter seg til Norborg når oppkjøringa til haustsesongen startar. Høgreback Skogvoll spelte 17 seriekampar for Norborg i fjor. – Det er gledeleg at vi får styrka stallen med ein naturleg sideback, seier trenar Kristian Søviknes.
Under strålande tilhøve så gjekk arrangørlaget Harøy til topps i dameklassa og Lepsøy i herreklassa på årets Øyacup. Norborg vann bronsefinalen i herreklassa med 6-0 over HaNo, medan damene tapte bronsefinalen 1-6 for Lepsøy. Eit lag damene vann 6-5 over i gruppespelet. Det er for øvreg første gong sidan 2011 at Norborg spelar ein damekamp. På biletet ser vi Ida Marie Holmeset, Monica Otterlei, Silje Helen Søvik, Kristine Ringstad Midtlid og Caroline Giske i andre rekke. Framme frå venstre; Ingrid Ahrens, Linda Flem Stavik, Trine Sofie Haram, Yvonne Engeset Remme og Iselin Otterlei. Tuva Bjørbekk mangla på biletet.
Les meir
Norborg har avtalt to treningskampar i høve oppkjøringa til haustsesongen. Torsdag 2. august vil ein spele bortekamp mot Midsund, medan torsdag 9. august kjem FK Sykkylven til Uggedalen.
Norborg deltek med både dame- og herrelag under årets Øyacup på Harøya laurdag 7. juli. I både dame- og herreklassa er Harøy, HaNo og Lepsøy motstandere. Kampane i dameklassa spelast som 7-ar fotball, medan det er 11-ar for herrer. Kampane varer i 2×20 min.
Les meir
I fjor spelte Kjell Terje Brusdal den nette sum av 0 minutt. I år har midtstopparen spelt samtlege 990 minutt og bidratt til at Norborg/BIL2 har halde nullen i 5 av 11 kampar. Nærmast på lista over antall minutt kjem Magnus Austbø Seth (875 minutt) og Gard Rogne (865). Totalt har 28 spelarar aksla den oransje trøya. Av desse er 22 registrert i Norborg, medan 6 er registrert i Brattvåg. I den mest nytta første 11-aren er 8 frå Norborg og 3 frå Brattvåg (Seth, Rogne og Rørhus). Desse tre trenar også fast med Norborg.
Les meir
Dei to nykomarane frå 6. divisjon, Guard og Fjørtoft, har 5. divisjon sitt eldste mannskap, medan Herd2 og Langevåg er yngst, dersom kampen mot Norborg er symptomatisk for det dei har brukt i resten av kampane i vår. Norborg sin snittalder på troppen ein har brukt på dei 11 kampane hittil er 23,48 år. Noko som er sjette eldst i divisjonen. Norborg stilte med sin eldste tropp i kampen mot Hovdebygda då snittalderen var 25 år, medan ein hadde sitt yngste mannskap i kampen mot Skodje då snittalderen var 22,32 år.
Her er oversikt over snittalderen til dei ulike laga i kampen mot Norborg:
| Lag | Snittalder Vår | Snittalder Haust | Snitt |
|---|---|---|---|
| Herd2 | 19,14 | 19,39 | 19,27 |
| Langevåg | 20,71 | 21,11 | 20,91 |
| Volda2 | 22,17 | 21,77 | 21,97 |
| Stranda | 22,97 | 22,88 | 22,93 |
| Ellingsøy | 23,28 | 22,90 | 23,09 |
| Norborg/BIL2 | 23,48 | 23,09 | 23,29 |
| Skodje | 24,06 | 22,70 | 23,38 |
| Blindheim | 23,00 | 24,14 | 23,57 |
| Hovdebygda | 25,67 | 23,99 | 24,83 |
| Sæbø | 28,15 | 26,91 | 27,53 |
| Fjørtoft | 28,78 | 28,26 | 28,52 |
| Guard | 31,38 | 31,27 | 31,33 |
Sæbø – Herd2 1-2 (1-1)
Bjørnar Holen gav heimelaget leiinga, men Herd2 utlikna ni minutt før pause og sikra tre poeng tre minutt før slutt. Herd2 fekk dermed luke ned til dei to botnlaga og passerte også Guard på tabellen grunna betre målskilnad.
Stranda – Volda2 2-1 (1-0)
Øyvind Fjørstad ga Stranda leiinga tidleg i kampen etter corner. Volda2 utlikna like etter pause, men Tobias Hjelle sikra heimelaget alle poenga med sitt mål eit kvarter før slutt.
Fjørtoft – Langevåg 1-2 (1-0)
Hans Edvard Nordang ga heimelaget leiinga på straffe, men Vinjar Vedde utlikna like etter pause og ti minutt før slutt sørga Sebastian Nordal for siger til Langevåg. Fjørtoft gjekk dermed gjennom vårsesongen utan siger.
Det vart utklassingssiger då Norborg gjesta CLS for sitt første møte med Guard på 35 år. Etter ein litt sløv 1. omgang og berre 0-2, vart det leikestove etter pause då heimelaget gjekk tom for krefter. Norborg styrte alt og stoppa ikkje før det stod 0-9. Patrik Hjelmseth scora tre, eller var det fire. Det eine skotet trefte nemleg Jesper Vos før det gjekk i nota. Vos scora uansett minst eitt. Det same gjorde Tarjei Urkedal, Magnus Austbø Seth, Ådne Hellandsvik og Vidar Nilsen Rogne. Dette var Nilsen Rogne sitt første seriemål.
Kampreferat
I ein annan 5. divisjonskamp onsdag vann Hovdebygda 1-0 over Blindheim. Norborg/BIL2 er dermed berre to poeng bak leiarlaget.
Trimgruppa hadde tysdag kveld dugnad med utbetring av råsa frå vetevegen til foten av Tverrbotshornet. 30 bruer har blitt bygd og i løpet av 2,5 time vart dei lagt på plass på dei fuktige områda. Bra jobba!