Kick off for aldersbestemte spelarar

Før A-kampen på torsdag hadde Norborg fotballtrening for ca. 70 barn. Treninga vart leia av juniorane Eirik Valaker Røren, Richard Anderson, Anders Finnøy og Thomas Haugen. Ungane hadde det kjekt både under og etter trening og der dei fekk servert frukt og pølse med brød, samt utlevert Norborg drikkeflaske.

 

4. divisjon fredag

Bergsøy – Hareid 3-3
Valder – Hødd2 4-2
Emblem – Volda 1-2
Rollon – Ørsta 3-1

Hareid stod for kveldens overrasking då dei greidde poeng borte mot opprykksfavoritt Bergsøy. Faktisk leia Hareid både 0-2 og 2-3. Valder leika seg lenge med Hødd2 og leia på eit tidspunkt 4-0 før laget frå Ulsteinvik fekk pynte på resultatet. Dei to fremste opprykksutfordrarane til Bergsøy, Volda og Rollon, starta begge med siger. Desse to laga møtast i komande runde, medan Bergsøy skal ut i ein særs vanskeleg bortekamp mot Larsnes/Gursken. SIF/Hessa-Blindheim spelar først i morgon.

Herleg overtidssiger i serieopninga

Norborg/Brattvåg2 – Larsnes/Gursken 2-1 (0-1)
4. divisjon, Uggedal KGB 25.04.2019

Sjansar: 5-4
Hjørnespark: 4-4

0-1 Sondre Bringsvor (35)
1-1 Magnus Austbø Seth (49)
2-1 Magnus Austbø Seth (90+2)

Heimelaget trakk til slutt det lengste strået i ein tett og lenge sjansefattig kamp i Uggedalen. Gjestane leia til pause då Sondre Bringsvor scora på omgangens einaste sjanse. Norborg starta og avslutta 2. omgang best og snudde kampen etter to mål av Magnus Austbø Seth. Larsnes/Gursken hadde eit par store sjansar mellom Norborg sine mål, men alt i alt så var det greit at Norborg til slutt stod igjen som vinnarar. Ikkje minst sidan ein vart snytt for eit soleklart straffespark sju minutt før slutt.

-Episk slutt på kampen. Vi er skikkeleg misfornøgd med det vi gjer i 1. omgang. Responsen frå spelargruppa i 2.omgang er fantastisk. Vi liknar meir på oss sjølve og gjennomfører ein god omgang. Når vi då avgjer kampen med ein innøvd variant to minutt på overtid så blir ikkje det betre, sa trenar Kristian Søviknes.
Les meir..

Serieopning heime mot Larsnes/Gursken torsdag kl. 1830

Torsdag kl. 1830 er det klart for serieopning når Larsnes/Gursken kjem på besøk til Uggedalen. Gjestane har henta inn spelarar i hytt og gevær den siste tida og held seg sjølve som klare favorittar i denne kampen. Steffen Moltu (Hødd), Bendik Torset (Nest-Sotra) og Christoffer Rekdal (lån frå Eik Tønsberg) har alle signert, i tillegg til nokre Hødd2 spelarar.

Norborg/Brattvåg2 har ikkje signert nokon denne veka, men skal likevel greie å mønstre eit bra lag. Per-Stian Alvestad og Marius Fylling Rogne er ikkje med grunna skader, medan Ruben Holmeset først kjem heim frå sjøen torsdag. Det gledelege er at dette var Ruben sin siste tur på sjøen fram til hausten 2020. Jonas Holmeset reise på sjøen i morgon for sin siste tur og er ikkje med før til hausten.

Vi trur det blir ein jamn kamp på Uggedal KGB, men vonar at heimelaget si angrepsrekke sikra tre poeng.

Siste seriemøter:
2017 Norborg – Larsnes/Gursken 1-5, 2-0
2016 Norborg – Larsnes/Gursken 0-1, 2-0
2015 Norborg – Larsnes/Gursken 3-0, 4-0

Totalt 2006-2017: 7-3-4 36-21

Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Øyvind Kringstad (Valder) og Dagfinn Berg Tjervåg (Hasundgot)

Andre kampar (fredag):
Valder – Hødd2  U
Bergsøy – Hareid H
Emblem – Volda B
Rollon – Ørsta H
SIF/Hessa – Blindheim (laurdag) H

 

Tabelltips 4. divisjon


Denne veka startar endeleg 4. divisjon. Tolv lag stiller til start med håp om å innfri eller å overraske. Dei fleste peikar på Bergsøy som favoritt, med Rollon og Hødd2 som dei fremste utfordrarane. Norborg/Brattvåg2 blir spådd alt frå topp 4 til nedrykk. Spennande skal det i alle fall bli. Her kjem vårt tabelltips.
Les meir

G19: Siger i serieopninga

Brattvåg/Norborg/Harøy vann serieopninga med 5-1 borte mot Langevåg. Per Kristian Helle Hildre sørga for 2-0 leiing ved pause. Han fortsette scoringsshowet sitt etter kvila med to nye mål før heimelaget reduserte. Sander Tharaldsen fastsette sluttresultatet til 5-1.

Ei veke til seriestart

Torsdag startar 4. divisjon med kampen Norborg/Brattvåg2 mot Larsnes/Gursken. Norborg har gjennomført 11 treningskampar, samt ein internkamp. Dei sju kampane mot sunnmørslag er vunne, medan ein har tapt fire kampar mot lag frå Romsdalen. Vi kan då vere nøgd med at Sunnmøre held fram som eiga avdeling også neste år. Larsnes/Gursken har spelt seks treningskampar og står utan tap. Det ligg dermed an til ein hard dyst i Uggedalen torsdag kl. 1830.

Treningskamptabell 4. divisjon innbyrdes:

Treningskamptabell 4. divisjon: