Blindheim – Norborg/Brattvåg2 1-2 (1-1)

Blindheim – Norborg/Brattvåg2 1-2 (1-1)
4. divisjon, Blindheim KGB, 03.05.2019

Sjansar: 8-8
Hjørnespark: 5-8

0-1 Fredrik Hurlen (13)
1-1 Henning Hareide (41)
1-2 Magnus Austbø Seth (51)

Norborg står som einaste lag med full pott etter 2 serierunder og kan reise til Fosnavåg neste fredag utan press. Kampen mot Blindheim vart ei tøff batalje der begge lag hadde sjansar nok til å score både eitt og to til. Sjølv om det vart jamt i sjansestatistikken, så var Norborg best i banespelet og hadde meir trøkk i opent spel.

-Stolt av innsatsen som gutta legg ned. Vi har ein klar plan på kva vi ønsker som blir løyst bra ute på bana. Blir litt stressande siste ti minutta sidan vi ikkje får punktert kampen med 1-3, men vi rir det bra av til trass for at Blindheim flytter opp mykje folk. Ein betre start på sesongen kunne vi ikkje fått med to strake sigrar og full pott. Vi reiser nå til Fosnavågen neste veke med lave skuldre og god sjølvtillit, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Det var spenning til siste spark på ballen då dei to nyopprykka 4. divisjonslaga møttest under flotte tilhøve på Blindheim sitt kunstgras. Det siste døgns snøfall låg rundt stadion, medan sola kika fram i det kampen starta. Spådomane om ein jamn kamp slo til først seks minutt på overtid kunne Norborg endeleg sleppe jubelen laus for sin andre siger på like mange forsøk.

Det fysisk sterke Blindheim-laget kom seg til kampen sin første sjanse då eit frispark vart slått inn framfor mål og ballen landa framfor Sivert Furevik utanfor femmeteren. Heldigvis for Norborg fekk ein blokkert avslutninga til corner. Norborg hadde banespelet, men sleit med å spele seg gjennom heimelaget sitt forsvar. Det måtte ei ballvinning til utanfor 16 meteren for å få målsjansen. Den tok Fredrik Hurlen godt vare på då han vart spelt fri av ballvinnar Magnus Jenssen. Hurlen sette ballen sikkert i nota åleine med keeper Andreas Sæter.

Blindheim låg godt balansert og våga lite, medan Norborg fortsette å slite med å få til den presise stikkaren som skulle til for å opne forsvaret. Patrik Hjelmseth stod bak eit par gode innlegg, men Blindheim fekk avverja med eit nødskrik. Norborg følte seg også snytt for straffespark då keeper meide ned Magnus Jenssen nede ved kortlinja. I stede for straffe så utlikna Blindheim nokre minutt seinare då Bjørnar Johansen fekk eit innkast i beina og slå ballen lavt inn framfor mål der sterke Henning Hareide styrte ballen i nota via tverrliggjaren.

Norborg hadde avsparket i 2. omgang, men det var Blindheim som kom seg til første sjansen berre nokre og tretti sekund seinare då Bjørnar Johansen beina eit innlegg i nettveggen. Så vakna Norborg. Ein la trykk på vertane og skapte eit par gode sjansar ved Fredrik Hurlen og Jesper Vos før ballen endeleg låg i nota. Ein snartenkt Nikolai Jensen tok eit raskt frispark utanfor 16 meteren og spelte fri Magnus Austbø Seth. Frå litt skrått hald sette han ballen presist forbi keeper mot lengste stolpe. 1-2, og akkurat då såg det ut som Norborg skulle surfe inn til siger mot eit heimelag som verka trøytt.

Blindheim var for øvreg ikkje tomme for krefter, og fleire gode sjansar vart skapt utan å få ballen i mål. Norborg var heller ikkje ufarlege og dei fleste trudde nok Nikolai Jensen sitt forsøk gjekk i mål, men tverra stod i vegen. I motsett ende stod stolpen i vegen då Blindheim kontra. Magnus Austbø Seth var nær å sette inn sitt andre for dagen, men ei feberredning hindra ny nettsus. Joakim Haugen har for vane å score mot Norborg, men skotfoten var ikkje godt nok innstilt denne dagen. Ti minutt før slutt fekk han fritt leide, men skotet gjekk rett på keeper Benjamin Rørhus. Norborg fekk mange kontringssjansar på slutten, men greidde ikkje å utnytte desse. Dermed ebba kampen ut med 1-2. Norborg står no med 17 seriekampar på rad utan tap. 15 av desse er vunne.

Nikolai Jensen vart kåra til Norborg sin beste spelar med Gard Rogne som ein god nummer to.

Norborg/Brattvåg2 sin neste kamp er borte mot Bergsøy fredag 10. mai kl. 19.

Laget: Benjamin Rørhus – Per Kristian Grytten Søvik (Marius Fylling Rogne, 75), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Patrick Hjelmseth – Jesper Vos (Siver Davik, 85) (Eirik Vågnes, 94), Gard Rogne, Nikolai Jensen, Magnus Jenssen (Per Kristian Helle Hildre, 89) – Magnus Austbø Seth, Fredrik Hurlen (Kristoffer Søviknes, 74).