Olsen stengte buret

Norborg/Brattvåg2 tok eit solid steg mot fornya 4. divisjonskontrakt etter 2-0 siger over Hareid på Uggedal KGB i kveld. Medan ein opplagt keeper Ronald Søvik Olsen stengte buret så forærte Hareid sin keeper Norborg og Tarjei Gjerset Urkedal 1-0 då han 12 minutt ut i kampen bomma på ballen og Urkedal kunne sette ballen i tomt mål. Hareid skapte fleire store sjansar, men denne kvelden nekta Olsen å sleppe inn mål. Like før slutt sikra Thomas Aarsund poenga då han klinka inn 2-0 på frispark frå 28 meter. Les meir..

Tabell

Topplaget vart for sterkt!

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 0-3 av Herd under sure speletilhøve på Uggedal KGB fredag kveld. Herd tok tidleg leiinga ved Kristian Flovik og hadde grei kontroll på kampen mot eit heimelag som sleit med å skape sjansar. Flovik gjorde 0-2 ti minutt før pause, medan Eirik Halkjelsvik fastsette sluttresultatet like før slutt.
Les meir..

Abelseth i 150!

Kaptein Tor Juul Abelseth (24) nådde sist veke 150 A-kampar for Norborg etter å ha debutert mot Tomrefjord 17. februar 2016. Ørskogbygdaren er dermed berre 14 kampar bak Hans Edvard Nordang i å vere den spelaren som har flest A-kampar for Norborg utan å ha vore busett i Norborgland. Midtstopparen har scora 12 mål, fått med seg ein KM-tittel i 5. divisjon i 2018, og vart kåra til Årets spelar i 2019.

To tapte poeng

Norborg/Brattvåg2 sløste med sjansane i kveldens kamp mot SIF/Hessa og måtte i nok ein heimekamp gå av bana utan siger. Denne gong vart det 2-2. Martin Koch klinka inn 1-0 frå 18 meter tretten minutt ut i kampen. Gleda varte ikkje lenge for Gaute Kvalsvik heada inn utlikning fire minutt seinare før same mann klinka inn 1-2 frå 30 meter kvarteret før pause. Like før pause utlikna Tobias Jensen til 2-2. Etter pause hadde Norborg dei fleste klare målsjansane og både Magnus Otterlei, Erlend Blø og Martin Koch burde ha avgjort kampen.
Kampreferat.

Heimekamp mot SIF/Hessa onsdag kl. 1815

Norborg/Brattvåg2 tek onsdag imot SIF/Hessa på Uggedal stadion til årets siste graskamp. Norborg har vist solid borteform med 6-2 over Emblem og 6-4 over Blindheim i sine to siste kampar. No gjeld det å finne denne forma også på heimebane. Møt opp for å sjå om det blir game, set, match til Norborg.