Norborg/Brattvåg2 – Ørsta 4-3 (1-2)

Norborg/Brattvåg2 – Ørsta 4-3 (1-2)
4. divisjon, Uggedal KGB, 13.10.2022

Sjansar: 7-9

1-0 Tobias Jensen (2)
1-1 Sigurd Sundnes (24)
1-2 Sondre Austrheim (31)
2-2 Thomas Aarsund (63)
3-2 Magnus Otterlei (76)
4-2 Sjølvmål (80)
4-3 Lasse Rebbestad (84)

Etter ein svak 1. omgang leverte Norborg ein god 2. omgang og tok sin tredje siger på dei fire siste kampane. Dei tre poenga gjer at Norborg berre er eit poeng bak 5. plasserte Ørsta og vil med siger i siste serierunde gjere sin beste sesong sidan 2015.

Kampen starta på best mogelege måte då Tobias Jensen ga dei oransje leiinga i det klokka akkurat hadde passert 1 minutt. Frå om lag midtstreken ute på venstresida klinka han til og sende ballen i fin boge over keeper og i mål oppe ved krysset. Med scoring frå 50 meter så er det nok berre keeper Joakim Kjærstad som har gjort mål frå lengre distanse i Uggedalen då han scora frå eigen målgard i siste serierunde mot Godøy i 2011.

Etter det tidlege leiarmålet var det gjestane som gradvis tok over banespelet og starta å skape sjansar. Riktig nok burde Henrik Hurlen ha dobla leiinga for heimelaget etter at William Jenssen Grytten kom seg rundt på høgresida og fann Hurlen framfor mål, men Hurlen måkte ballen over mål.

Ved omtrent halvspelt omgang sette Ørsta verkeleg opp tempoet og utlikna til 1-1 på eit velplassert skot frå 19 meter av Sigurd Aarflot Sundnes. Få minutt etter var Ørsta i leiinga då keeper Sander Arntsen først gjer ei god redning på eit skot frå kloss hald av Steffen Myklebust, men måtte kapitulere for Sondre Austrheim på returen. Ørsta var totalt sett best i denne omgangen og leia fortent mot eit halvsløvt heimelag.

I 2. omgang fekk vi sjå eit langt betre heimelag. Magnus Otterlei var aktiv på venstrekanten og kom seg til to gode sjansar dei første fem minutta, men greidde ikkje å få ballen i nota. Utlikninga skulle likevel kome då Thomas Aarsund klinka eit frispark frå 19 meter i nota. Dryge ti minutt seinare slo Ivan Berntsen ein stikkar i bakrom til Magnus Otterlei, og denne gong sat den for unge Otterlei. Keeper vart lett runda og frå skrått hald sette han ballen roleg i mål. Fire minutt seinare fekk debutant Robert Dulgheru notert seg for assist då innlegget hans vart heada i mål av ein ørsting. Ei viss spenning vart det i sluttminutta då Lasse Rebbestad reduserte til 4-3, men trass nokre dødballar og eit lite trykk, greidde ikkje Ørsta å få med seg poeng.

Siste seriekamp er borte mot LGFK/Gjerdsvika fredag 21. oktober kl. 1830.

Laget: Sander Arntsen – Tobias Jensen, Anders Toven, Tor Abelseth, Stian Klokk (Elias Austbø Seth, 77) – Magnus Otterlei (Vos, 82), Jesper Vos (Kristoffer Søviknes, 77), Thomas Aarsund, Tarjei Urkedal (Ivan Berntsen, 25) (Lars Mikalsen, 90), William Jenssen Grytten (Robert Dulgheru, 69) – Henrik Hurlen (Otterlei, 90).

*** Thomas Aarsund
** Magnus Otterlei
* Tobias Jensen