Sikra plassen trass tap

Norborg/Brattvåg2 tapte 4-1 i bortekampen mot Hovdebygda, men sidan Langevåg vann sin bortekamp over LGFK/Gjerdsvika vart det likevel ein god kveld for dei oransje. Plassen i 4. divisjon er nemleg sikra sidan ein Langevåg, Emblem og LGFK/Gjerdsvika ikkje kan passere Norborg. Sjølve kampen mot Hovdebygda mållaus før pause, men etter pause scora Hovdebygda jamt og trutt før Kristoffer Søviknes sette inn Norborg sitt trøystemål på straffe like før slutt. Dette var Kristoffer sitt 97. seriemål og 148. mål totalt i si seniorkarriere. Kampreferat.

Tabell

Olsen stengte buret

Norborg/Brattvåg2 tok eit solid steg mot fornya 4. divisjonskontrakt etter 2-0 siger over Hareid på Uggedal KGB i kveld. Medan ein opplagt keeper Ronald Søvik Olsen stengte buret så forærte Hareid sin keeper Norborg og Tarjei Gjerset Urkedal 1-0 då han 12 minutt ut i kampen bomma på ballen og Urkedal kunne sette ballen i tomt mål. Hareid skapte fleire store sjansar, men denne kvelden nekta Olsen å sleppe inn mål. Like før slutt sikra Thomas Aarsund poenga då han klinka inn 2-0 på frispark frå 28 meter. Les meir..

Tabell

Topplaget vart for sterkt!

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 0-3 av Herd under sure speletilhøve på Uggedal KGB fredag kveld. Herd tok tidleg leiinga ved Kristian Flovik og hadde grei kontroll på kampen mot eit heimelag som sleit med å skape sjansar. Flovik gjorde 0-2 ti minutt før pause, medan Eirik Halkjelsvik fastsette sluttresultatet like før slutt.
Les meir..

Abelseth i 150!

Kaptein Tor Juul Abelseth (24) nådde sist veke 150 A-kampar for Norborg etter å ha debutert mot Tomrefjord 17. februar 2016. Ørskogbygdaren er dermed berre 14 kampar bak Hans Edvard Nordang i å vere den spelaren som har flest A-kampar for Norborg utan å ha vore busett i Norborgland. Midtstopparen har scora 12 mål, fått med seg ein KM-tittel i 5. divisjon i 2018, og vart kåra til Årets spelar i 2019.

To tapte poeng

Norborg/Brattvåg2 sløste med sjansane i kveldens kamp mot SIF/Hessa og måtte i nok ein heimekamp gå av bana utan siger. Denne gong vart det 2-2. Martin Koch klinka inn 1-0 frå 18 meter tretten minutt ut i kampen. Gleda varte ikkje lenge for Gaute Kvalsvik heada inn utlikning fire minutt seinare før same mann klinka inn 1-2 frå 30 meter kvarteret før pause. Like før pause utlikna Tobias Jensen til 2-2. Etter pause hadde Norborg dei fleste klare målsjansane og både Magnus Otterlei, Erlend Blø og Martin Koch burde ha avgjort kampen.
Kampreferat.

Heimekamp mot SIF/Hessa onsdag kl. 1815

Norborg/Brattvåg2 tek onsdag imot SIF/Hessa på Uggedal stadion til årets siste graskamp. Norborg har vist solid borteform med 6-2 over Emblem og 6-4 over Blindheim i sine to siste kampar. No gjeld det å finne denne forma også på heimebane. Møt opp for å sjå om det blir game, set, match til Norborg.