Langevåg leia både 1-0 og 2-1, men Norborg/Brattvåg2 kom tilbake kvar gong og sette til slutt inn vinnarmålet dryge ti minutt før slutt. Dermed tre viktige poeng og luke ned til laga i botnstriden. Henrik Hurlen, Tarjei Urkedal og Anders Toven stod for måla. Martin Koch for forarbeidet.
Les meir..
Author Archives: Frode Engeset
Topplaget vart for sterkt!
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 0-3 av Herd under sure speletilhøve på Uggedal KGB fredag kveld. Herd tok tidleg leiinga ved Kristian Flovik og hadde grei kontroll på kampen mot eit heimelag som sleit med å skape sjansar. Flovik gjorde 0-2 ti minutt før pause, medan Eirik Halkjelsvik fastsette sluttresultatet like før slutt.
Les meir..
Heimekamp mot Herd fredag kl. 1830
Norborg/Brattvåg2 tek fredag kl. 1830 imot topplaget Herd på Uggedal KGB. Vél møtt!
Abelseth i 150!
Kaptein Tor Juul Abelseth (24) nådde sist veke 150 A-kampar for Norborg etter å ha debutert mot Tomrefjord 17. februar 2016. Ørskogbygdaren er dermed berre 14 kampar bak Hans Edvard Nordang i å vere den spelaren som har flest A-kampar for Norborg utan å ha vore busett i Norborgland. Midtstopparen har scora 12 mål, fått med seg ein KM-tittel i 5. divisjon i 2018, og vart kåra til Årets spelar i 2019.
Norborg Magasinet 2022
Norborg Magasinet vart i juli delt ut til husstandane i Norborgland. Vi legg det no ut elektronisk for andre interesserte.
To tapte poeng
Norborg/Brattvåg2 sløste med sjansane i kveldens kamp mot SIF/Hessa og måtte i nok ein heimekamp gå av bana utan siger. Denne gong vart det 2-2. Martin Koch klinka inn 1-0 frå 18 meter tretten minutt ut i kampen. Gleda varte ikkje lenge for Gaute Kvalsvik heada inn utlikning fire minutt seinare før same mann klinka inn 1-2 frå 30 meter kvarteret før pause. Like før pause utlikna Tobias Jensen til 2-2. Etter pause hadde Norborg dei fleste klare målsjansane og både Magnus Otterlei, Erlend Blø og Martin Koch burde ha avgjort kampen.
Kampreferat.
Heimekamp mot SIF/Hessa onsdag kl. 1815
Norborg/Brattvåg2 tek onsdag imot SIF/Hessa på Uggedal stadion til årets siste graskamp. Norborg har vist solid borteform med 6-2 over Emblem og 6-4 over Blindheim i sine to siste kampar. No gjeld det å finne denne forma også på heimebane. Møt opp for å sjå om det blir game, set, match til Norborg.
Ny bortesiger etter målorgie
Norborg/Brattvåg2 trivs på Uksenøya og reiste for andre veka heim med halvdusinet i mål og tre poeng då Blindheim vart slått 6-4. Magnus Otterlei 2, Thomas Aarsund, Martin Koch, Erlend Blø og eit sjølmål sørga for sigeren. Kampreferat
Storsiger i botnkampen
Norborg/Brattvåg2 banka botnkollega Emblem 2-6 på Ebbemyra sist torsdag. Norborg var effektive og gode før pause og leia 4-0. Emblem gjorde ein betre 2. omgang, men kunne ikkje hindre at dei oransje leia 6-0 før det vart pynting på resultat mot slutten. Magnus Otterlei var kampen sin store spelar med tre mål. Henrik Hurlen laga det viktige førstemålet to minutt ut i kampen, medan Erlend Blø scora sitt første mål i den oransje trøya. Martin Koch gjorde sitt 7. mål for året før han gjekk av bana til pause og gjorde plass til Tarjei Gjerset Urkedal sitt comeback på sin 40-årsdag. Urkedal spelte sist gong i oktober 2018.
Kampreferat.
Bergsøy vart for sterke
Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 0-3 av Bergsøy på Uggedal stadion fredag kveld. Gjestane var best før pause og leia 0-2 etter mål av Daniel Arnfinnson (41 min) og Daniel Kvalsvik (45). Heimelaget starta best etter pause, men det var Bergsøy som gjorde 0-3 ved Enrique Crespo Søvik (52 min). Norborg skapte fleire store sjansar, men greidde aldri å få nettsus. Ei heller på straffespark like før slutt.
Kampreferat.