Norborg/Brattvåg2-Ørsta 1-5 (1-1)

Norborg/Brattvåg2 – Ørsta 1-5 (1-1)
4. divisjon, Uggedal KGB, 12.05.2023

Sjansar: 2-12
Cornere: 3-7

0-1 Knut Erik Myklebust (6)
1-1 Martin Fylling Koch (str. 39)
1-2 Knut Erik Myklebust (56)
1-3 Lasse Rebbestad (67)
1-4 Knut Erik Myklebust (78)
1-5 Sigurd Aarflot Sundnes (90)

Norborg/Brattvåg2 gjekk på sitt tredje strake tap då Ørsta vart for sterke og kunne reise heim med ein 5-1 siger. Ørsta tok tidleg leiinga ved Knut Erik Myklebust, og hadde dei første tjue minutta fleire sjansar til å doble leiinga. Gjestane viste i denne perioden særs flott spel med ei samhandling vi sjeldan ser på dette nivået.

Etter kvart kom Norborg seg til hektene og greidde gradvis å heve spelet sitt. Nokre minutt før pause gav dette resultat då ein fekk idømt straffespark etter felling av Adrian Korsedal. Martin Koch fekk to forsøk frå kritmerket og utlikna til 1-1. Mot slutten av omgangen vart Ørsta snytt for straffespark og heimelaget kan seie seg godt nøgd med å gå til pause med uavgjort.

Etter pause kom skilnaden på laga endå meir til syne. Knut Erik Myklebust vart tidlegare på fredagen kåra til den beste spelaren i 4. divisjon av Sunnmørsposten. Den tittelen gjorde han absolutt ikkje skam på. Dryge 10 minutt ut i omgangen var han på riktig plass då han styrte eit langskot i nota. Etter 1-2 var ikkje Norborg i nærleiken av poeng. Ørsta var best i alle spelets faser og auka til 1-3 ved Lasse Rebbestad, 1-4 ved Myklebust og 1-5 ved Sigurd Sundnes. Ørsta har verkeleg utvikla seg i positiv retning i vinter og kan bli ein skikkeleg trussel for Herd i kampen om avdelingssigeren.

Norborg på si side må løfte seg når ein no skal ut i to viktige kampar borte mot Hareid og heime mot Bllindheim.

Laget: Ronald Olsen – Tobias Jensen (Elias Austbø Seth, 80), Anders Toven, Tor Abelseth (Lars Mikalsen, 88), Stian Klokk – Noah Lausund Klokk, Thomas Aarsund, Adrian Andrukiewicz (Jesper Vos, 68) – Magnus Otterlei, Adrian Korsedal (Robert Dulgheru, 74), Martin Fylling Koch.