Bergsøy best i det meste


Bergsøy var det beste laget i Uggedalen og vann fortent 1-4 over Norborg/Brattvåg2. Etter oppløftande opningsminutt av heimelaget scora gjestane på sin første corner ved Trym Rekkedal i det 8. minutt. Norborg hadde store problem med Magnus Myklebust og Franjo Tepuric, og det var nettopp desse to som gjorde både eit andre og eit tredje mål før pause. Norborg heva seg etter pause og fekk ei tidleg redusering på eit skot oppe ved vinkelen av Gard Sæterøy Rogne. Om det på det tidspunktet var litt spenning i kampen sørga Anders Toven for ein brå slutt på det då han tuppa ballen i eige mål. Bergsøy tok med desse tre poenga over tabelltoppen sidan Volda berre spelte 0-0 mot SIF/Hessa. Blindheim tok sin første siger då dei vann 2-3 borte mot Ørsta, medan Hareid og Emblem spelte 0-0.
Les meir..

Abelseth med Norborg mål nummer 2200


Tor Abelseth sitt 3-0 mål mot Blindheim var Norborg sitt seriemål nummer 2200 sidan starten i 1968. Dette var samstundes Tor sitt tiande mål på 104 A-kampar for Norborg. Dei ti måla er fordelt på 4 seriemål og 6 i treningskampar.

Historiske mål:

Mål nr. 1 skåret av: Tormod Gangstad, mot Fjørtoft (h), 12. mai 1968
Mål nr. 50 skåret av:
Jan Lauvås, mot Moldtustranda (h), 27. juni 1970
Mål nr. 100 skåret av: Jan Sjåstad, mot Giske (h), 2. okt 1971
Mål nr. 400 skåret av: Svein Gjerset, mot Hessa (h), 17. aug 1980
Mål nr. 900 skåret av: Kenneth Vegsund, mot Brandal (h), 10. juni 1995
Mål nr. 1000 skåret av: Øyvind Kvammen, mot Sunnylven (b), 6. aug 1997
Mål nr. 1100 skåret av: Kenneth Gamlem, mot Fiskerstrand (b), 14. aug 1999
Mål nr. 1200 skåret av: Kim Idar Krogsethagen, mot Larsnes (b), 8. sep 2001
Mål nr. 1300 skåret av: Kim Idar Krogsethagen, mot FK Sykkylven2 (h), 21. juni 2003
Mål nr. 1400 skåret av: Christian Søvik, mot Skarbøvik2/Hessa (b), 04. mai 2004
Mål nr. 1500 skåret av: Lennart Holmem, mot Blindheim (h), 23. sep. 2006
Mål nr. 1600 skåret av: Kim Idar Krogsethagen, mot Vartdal (h), 7. august 2008
Mål nr. 1700 skåret av: Tarjei Gjerset Urkedal, mot Bergsøy (h), 25. august 2010
Mål nr. 1800 skåret av: Ole Johan Urke, mot Rollon (h), 10. mai 2012
Mål nr. 1900 skåret av: Ole Johan Urke, mot Ørsta (h), 18. oktober 2013
Mål nr. 2000 skåret av: Martin Sundnes, mot Valder (b), 15. oktober 2015
Mål nr. 2100 skåret av: Kristoffer Søviknes, mot Stranda (h), 21. juni 2018
Mål nr. 2200 skåret av: Tor Abelseth, mot Blindheim (h), 22. august 2019

Ny siger over Blindheim


Norborg/Brattvåg2 sleit seg til ein 4-2 siger over Blindheim på Uggedal stadion torsdag kveld. Norborg har verken scora eller fått mål imot på cornere dei første tolv kampane, men mot Blindheim var det nettopp på cornere ein la grunnlaget for siger. Både 1-0 og 3-0 kom etter gode cornertrekk og vart satt i mål av Nikolai Jensen og Tor Abelseth. Imellom der hadde Ole Johan Urke testa skotfoten å gjort 2-0. Norborg var det beste laget før pause, men mangla konsentrasjon inn mot pause og mista ballen på ei mislykka dribling framfor eigen 16-meter. Blindheim takka for tabba og Jens Kristian Dybdal reduserte til 3-1. Etter pause var Blindheim i lange periodar det førande laget. Joakim Haugen skapte ny spenning med sin skotfot eit kvarter før slutt, men Per Kristian Helle Hildre roa nervane til dei oransje med å punktere kampen nokre minutt før slutt. -Deilig å få ein tre poenger igjen. Syns vi gjer ein god første omgang og leiar særs fortent. I andre omgang så får vi ikkje opp det same offensive trykket og Blindheim kjøre opp mykje folk og fysikk. Litt hektisk i nokren minutt, men all ære til spelarane for måten dei greie å løyse det og roe ned gjestepresset på, sa trenar Kristian Søviknes.
Les meir..

Heimekamp mot Blindheim torsdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag imot Blindheim på Uggedal stadion. Første haustkamp enda med eit knepent tap for Larsnes/Gursken. Kveldens kamp er særs viktig med tanke på å unngå botnstrid. Blindheim spelar «cupkamp» kvar veke framover hausten. Norborg må sørge for å unngå dette med å snarast skaffe seg dei 27 poenga som vi trur garanterer plass i neste års 4. divisjon.

Magnus Austbø Seth er den einaste spelaren vi har mista etter vårsesongen. Det er sjølvsagt ikkje berre berre å erstatte han, men som lag skal vi vere gode nok til å plukke poeng utøver hausten. Ådne Hellandsvik, Ruben Holmeset og Jonas Holmeset blir alle med denne hausten ettersom dei har starta på skule i Ålesund. Jesper Vos vart skada på Øyacup og er ute i 4-6 veker. Kjell Terje Brusdal og Siver Davik er tilbake i troppen etter å ha stått over mot GuLars.

Blindheim har fått eit tøft møte med 4. divisjon etter opprykket i fjor. Dei har fortsatt til gode å vinne og står med fattige 3 poeng. Henning Hareide og Jens Kristian Dybdal er toppscorarar med 2 mål kvar for eit lag som berre har scora 9 mål på 12 kampar.

Vi held heimelaget som favorittar, men kampen i vår var jamn og Blindheim tok poeng mot SIF/Hessa sist veke. Så noko enkel oppgåve blir det ikkje. Norborg har elles eit godt tak på Blindheim med fem strake sigrar.

Dommar: Mathias Smehus Kringstad (Valder)
Assistentar: Joachim Killingmo (Spjelkavik) og Zenun Murati (Giske)