Påmelding Veten Opp


Det er no opent for å melde seg på motbakkeløpet “Veten opp” som arrangerast søndag 1. september. Påmelding ved betaling av kr. 150,- til konto nr. 3901.31.02744. Merk med deltakarnamn. Påmeldinga er bindande.

Løpet startar på Søvik badestrand kl. 1130 og følger den vanlege vegen opp. Det blir startnummer, tidtaking og premiering i herre- og dameklassa.

  1. premie: 1500,- 2. premie; 1000,- 3. premie: 500,-

Øyacup 2019: 2. plass til damene


Norborg sitt damelag spelte seg fram til finalen av Øyacup for første gong i historia. I finalen vart diverre arrangørlaget HaNo for sterke. På biletet frå venstre: Tuva Bjørbekk, Martina Grytten, Anna Mikalsen, Yvonne Engeset Remme, Heidi Remmereit, Anette Rogne, Elisabeth Pilskog, Gabrielle Kar, Silje Søvik og Heidi Haram.

Lepsøy – Norborg 0-4 Mål: Gabrielle Kar 2, Elisabeth Pilskog og Tuva Bjørbekk.
Norborg – HaNo 1-1 Mål: Anette Rogne
Norborg – The retro team 3-1 Mål: Yvonne Engeset Remme, Therese Engeset Remme og Heidi Haram

Finale: HaNo – Norborg 4-2 Mål: Yvonne Engeset Remme og Gabrielle Kar.

Vi gratulerer damene med ein flott 2. plass.

Treningskamp mot FK Sykkylven

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Dalemyra stadion for å møte 5. divisjon sitt leiarlag FK Sykkylven i treningskamp. Laga møttast også i april. Den gong vann Norborg/Brattvåg2 6-2. Eit par mann manglar, men ein ønsker Vidar Nilsen Rogne tilbake etter brotet han drog på seg i mai.

Kampstart kl. 1900.

Fair Play: Volda på topp!

Volda toppar fair play-tabellen når vårsesongen er gjennomført i 4. divisjon. På dei 11 kampane har dei berre fått 9 gule kort. Det er to mindre enn Norborg/Brattvåg2, som innehar 2. plassen sjølv om ein har fått eitt raudt kort. Sist på denne tabellen finn vi Larsnes/Gursken, som har fått heile 25 gule og 1 raudt kort. Flest raude kort har Bergsøy og Hareid fått med tre kvar.

Abelseth og Seth har spelt mest

Tor Abelseth og Magnus Austbø Seth har flest minutt på bana for Norborg/Brattvåg2 i vårsesongen. Totalt har 32 spelarar kome på bana i dei 11 kampane. For dei som er interessert i å vete kor stor andel Brattvåg A-spelarar har blitt nytta så er dette talet 1,65 spelarar i snitt pr. kamp. Patrik Hjelmseth er den som har spelt mest av desse med 398 minutt fordelt på 5 kampar. Neydson Da Silva har 360 minutt på 4 kampar.

Dei 16 mest nytta spelarane:

Best etter pause

Norborg/Brattvåg2 er saman med Bergsøy 4. divisjon sitt beste lag etter pause. Begge lag har vunne sju andre omgangar, spelt ein uavgjort og tapt tre, men Norborg/Brattvåg2 har betre målskilnad. I andre enden finn vi Blindheim. Dei har ein uavgjort og ti tap når vi ser på 2. omgang separat.

Les meir