Møter Aksla på torsdag kl. 19

Norborg/Brattvåg2 spelar sin fjerde treningskamp for året når ein tek imot Aksla på Uggedal KGB torsdag kl. 19. På dei tre første kampane har det blitt tre strake sigrar og 14-3 i målskilnad. Aksla gav i fjorårets treningskamp Norborg god motstand sjølv om våre gutar vann 4-1. Det er venta eit nytt tøft oppgjer mot eit godt trent lag. Aksla vann i fjor 15 av 16 seriekampar og rykte opp til 5. divisjon. Dei har hittil i år spelt 3-3 mot Rollon og tapt 2-4 for Langevåg. Norborg har hittil i år stilt med eit ungt mannskap, men det er venta at Kristoffer Søviknes vil vende tilbake på bana etter å hatt pappaperm i vinter.

Treningskampar

Søndag:
Herd – Brattvåg 0-7
Brattvåg/Ravn vann sin andre treningskamp i Trondheim med 7-1.

Laurdag:
Larsnes/Gursken – Vanylven 2-2
Tiller – Brattvåg/Ravn 2-8 (damer)

Fredag:
Ørsta – Hasundgot 1-1

Torsdag:
Bergsøy – Hovdebygda 4-4
Herd – Emblem 0-2
Ørsta – Volda 6-1
Langevåg – Aksla 4-2

Onsdag:
Valder – Godøy 3-0

Årsmøte IL Norborg 2019

Norborg hadde torsdag kveld årsmøte. Valkomiteen har gjort ein god jobb og fått på plass frivillege i alle posisjonar for 2019.

Hovudstyre:
Leiar: Per Gunnar Søvik
Kasserar/Økonomiansvarleg/Nestleiar: Anders Toven
Sekretær: Kamilla Grande (ny)
Styremedlem: Liv Valaker + leiarar frå undergrupper.
Vara: Tarjei Gjerset Urkedal

Trimgruppa:
Kenneth Gamlem, Linda Johansen, Elisabeth Stavik, Ingunn Gamlemshaug, Fredrik Furnes (ny), Håvard Grytten (ny), Tonje Nogva (ny), Camilla Johansen (ny)

Fotballgruppa:
Leiar: Lena Toven
Kasserar: Henning Sandbakk
Sekretær: Monica Søvik
Sportsleg leiar: André Larsen (ny)
Leiar aldersbestemt: Tarjei Gjerset Urkedal
Dommarkontakt: Bjarte Jensen
Baneansvarleg: Endre Kalvø
Anleggsgruppe/baneansvarleg: Frank Olav Lausund, Stian Urkedal, Knut-André Knoff Strand, Frode Urke (vara)
Økonomigruppa: Lina Kiserauskiene (ny), Ciprian Ghioc, Stella Abongwa (ny), Turid Volstad, Susanna Løvold (kiosk).

Sponsorgruppa: Per Gunnar Søvik, Nina Hildre, Kenneth Gamlem, Marius Dulgheru.

Programblad: Frode Stormyr Engeset (ny)

Valkomité: Arve Toven, Tove Vambeseth, Bjarte Jensen (vara)

Materialforvaltar: Arve Grande (ny), Jostein Witsø (ny)

Revisorar: Daniel Brusdal (ny), Børt Tore Marthinussen.

Badmintongruppa har vi i skrivande stund ikkje fått oversikt over.

Slo opprykkskollegaen

Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 3-2 (2-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 14.02.2019

1-0 Fredrik Hurlen (15)
2-0 Magnus Austbø Seth (18)
2-1 Adrian Os (31)
3-1 Magnus Austbø Seth (54)
3-2 Joakim Haugen (71)

Som i dei to føregåande treningskampane starta Norborg godt og leia 2-0 før tjue minutt var spelt. Først heada Fredrik Hurlen inn 1-0 før Magnus Austbø Seth dobla leiinga då han fekk stå heilt åleine innafor 16 meteren og triksa litt før han sendte ballen i fin boge over keeper. Om det var Blindheim som heva seg eller Norborg som slokna skal vi ikkje spekulere i, men Blindheim tok gradvis over kampen og reduserte då Adrian Os fekk ein stikkar i bakrom og sette ballen presist forbi keeper Arntsen. Etter kvila auka Seth til 3-1 etter eit flott angrep. Gard Rogne fann Magnus Jenssen ute på høgrekanten, han venta på Marius Fylling Rogne, som fekk ballen og slo den perfekt inn til Seth som sette den sikkert i nota. Joakim Haugen klinka inn 3-2 frå nærmare 30 meter og skapte spenning på slutten. Men trass motvind stod Norborg i mot og var nær 4-2 då Eirik Vågnes klinka ballen i tverra og ned.

Laget: Sander Arntsen – Jonas Holmeset (Per Kristian Helle Hildre, 83), Anders Toven (Tobias Jensen, 79), Tor Abelseth (Jesper Vos, 56), Marius Fylling Rogne – Ole Johan Urke (Vidar Nilsen Rogne, 53), Gard Rogne, Nikolai Jensen, Magnus Jenssen (Eirik Vågnes, 74) – Magnus Austbø Seth, Fredrik Hurlen (Per-Stian Alvestad, 46).

Urke i 100!

Med si 5-0 scoring i gårsdagens kamp mot Skodje noterte Ole Johan Urke seg for si 100. scoring for Norborg sitt A-lag. Herav 50 seriemål. Det første målet kom i ein treningskamp mot Ellingsøy 18. januar 2007. Urke er kjent for sine susande langskot, men både det første og det hundrande har kome frå kloss hald. Det første putta han etter ein retur frå keeper på eit skot frå Tarjei Gjerset Urkedal, nummer 100 etter at ein lite egoistisk Magnus Austbø Seth sentra når dei to kom åleine med keeper.

Grei skuring mot Skodje

Norborg/Brattvåg2 – Skodje 6-0 (3-0)
Treningskamp, Uggedal KGB, 12.02.2019

1-0 Jesper Vos (6)
2-0 Jesper Vos (9)
3-0 Per-Stian Alvestad (20)
4-0 Per Kristian Helle Hildre (67)
5-0 Ole Johan Urke (83)
6-0 Magnus Jenssen (90)

Norborg kom godt i gong mot Skodje og scora tre mål på dei første tjue. Etter dette vart det mykje balltrilling og få sjansar fram til pause. I 2. omgang hadde Norborg full kontroll og scora ytterlegare tre mål. Allereie på torsdag er det ny kamp. Då mot Blindheim kl. 19.

Laget: Sander Arntsen – Per-Kristian Grytten Søvik (Anders Toven, 46), Tobias Jensen, Tor Abelseth (Nikolai Jensen, 58), Marius Fylling Rogne – Lars Mikalsen (Ole Johan Urke, 70), Jesper Vos (Gard Rogne, 70), Eirik Vågnes (Siver Davik, 75), Vidar Nilsen Rogne (Magnus Jenssen, 70) – Per-Stian Alvestad (Magnus Austbø Seth, 70), Per Kristian Helle Hildre.

G19: Fekk stryk av Ørskog

Brattvåg/Norborg/Harøy gjekk på ein smell mot Ørskog og tapte heile 5-0 (1-0) i den siste av “kvalifiseringskampane” for spel i 1. divisjon. B/N/H vart dermed nr. 3 av dei 4 laga i gruppa. Langevåg vann gruppa med Ørskog på 2. plass og Blindheim på sisteplass. På grunn av få påmeldte lag er alle kvalifisert for 1. divisjon.

Laget: Robin Bergtun, Fredrik Rogne, Alexander Otterlei, Martin Witsø, Daniel Forsland, Adrian Bjørlykke, Tobias Jensen, Eirik Vågnes, Marius Otterlei, Per Kristian Helle Hildre, Igor Pekarskiy.
Innbyttarar: Anders Finnøy, Erling Otterlei, Eirik Valaker, Richard Andersson, Thomas Haugen.