Møter Aksla på torsdag kl. 19

Norborg/Brattvåg2 spelar sin fjerde treningskamp for året når ein tek imot Aksla på Uggedal KGB torsdag kl. 19. På dei tre første kampane har det blitt tre strake sigrar og 14-3 i målskilnad. Aksla gav i fjorårets treningskamp Norborg god motstand sjølv om våre gutar vann 4-1. Det er venta eit nytt tøft oppgjer mot eit godt trent lag. Aksla vann i fjor 15 av 16 seriekampar og rykte opp til 5. divisjon. Dei har hittil i år spelt 3-3 mot Rollon og tapt 2-4 for Langevåg. Norborg har hittil i år stilt med eit ungt mannskap, men det er venta at Kristoffer Søviknes vil vende tilbake på bana etter å hatt pappaperm i vinter.