Kjøp av andelsbrev i Norborg Fleirbukshall


Hei alle i Norborgland!

Finansieringsmodellen for hallen begynner å forme seg og som nevnt under informasjonsmøtet 12. November så inviterer vi no privatpersonar til å bidra til finansiering gjennom andelsbrev. Dette blir då i staden for ei større auke i vassavgift for Vestre Haram Vasslag, som tidlegare framlagt, og vi håpar at alle ser denne fantastiske moglegheita og bidreg. Ein andel kostar 1000,- og ein kan sjølvsagt kjøpe fleire andelar. Dersom ein mot formodning ikkje klarar å realisere hallen, så vil anderlsbreva bli tilbakebetalt i si heilheit. Alle som bidreg vil få eit synleg bevis gjennom sitt personlege andelsbrev.

Sjå pdf-fil nedanfor for korleis du kan kjøpe andelsbrev (fyll ut side 2 og send til randi@nomia.no):

Andelsbrev

Mvh.

Komiteen for Norborg Fleirbrukshall.

Skovdahl ny trenar i Brattvåg

Brattvåg si heimeside melder i dag at dei har tilsett René Skovdahl som ny hovudtrenar for 2019 og 2020. Skovdahl er 48 år og utdanna UEFA PRO-license trenar. Han er sønn av Ebbe Skovdahl, som har fire mesterskap med Brøndby, og søskenbarn med verdsstjernene Michael og Brian Laudrup. Han var i fjor trenar for 1. divisjonslaget Roskilde, og har tidlegare blant anna vore assistenttrener for Ole Gunnar Solskjær i Molde og Cardiff.

Sporty jenter på utflukt


Frå venstre: Anna, Kornelia, Lisha, Dina, Sofie, Sienna, Lykke og Clara.

Norborg J7 hadde i går kveld ei alternativ treningsøkt med tur til “Pensjonisten”. Jentene starta nede i bygda og hadde ein spennande tur gjennom skogen med lys og lykt opp til benken der det vart ei kort drikke-/matpause, samt nyte den vakre utsikta over Søvika. Dette er alle jentene i 2. klasse ved Søvik skule, men det er ikkje alle som spelar fotball.  – Vi prøver å finne på kjekke aktivitetar gjennom vinteren i lag i håp om at alle vil fortsette komande sesong, og at vi kanskje får med oss dei siste jentene på fotball også. Når skøyteisen kjem på Gamlem har vi planar om ein tur dit, og kanskje ein tur på langrenn i løpet av vinteren, seie lagleiar Christina.

Pokalutdeling


Norborg hadde i går avslutningsfest for A-laget med blant anna utdeling av statuetter og pokalar. På biletet over ser vi dei som fekk utmerkingar. B.f.v. Kjell Terje Brusdal, André Larsen, Magnus Austbø Seth, Ole Johan Urke, Tor Abelset. F.f.v. Anders Toven, Per-Stian Justsen Alvestad, Jesper Vos og Kristoffer Søviknes.

Statuettar for spelte kampar:

50 kampar: Tor Abelseth (75), Per-Stian Alvestad (74), Jesper Vos (57), Anders Toven (56)
200 kampar: Kjell Terje Brusdal (213), André Larsen (201)
350 kampar: Kristoffer Søviknes (365)

Årets mål: Ole Johan Urke – frispark borte mot Blindheim
Mest effektive norborgar: Per-Stian Alvestad (10 mål på 921 min)
Assistkongen: Magnus Austbø Seth (13) og Ole Johan Urke (13)
Toppscorar: Magnus Austbø Seth (31)
Årets spelar: Kristoffer Søviknes (6,88 i snitt på norborg.com sin børs)
Les meir

Informasjonsmøte om Norborg fleirbrukshall

Måndag 12. november kl. 18 vil det på Søvik forsamlingshus haldt informasjonsmøte om Norborg fleirbrukshall.

Agenda:
Informasjon om status i prosjektet
Finansieringsmodell
a) Positivt vedtak av Haram kommune
b) Stor givarglede og støtte frå lokale bedrifte
c) Lokalt bidrag

Planlagt oppstart av prosjektet i 2019.

Vi håper på godt oppmøte frå bygdefolket i Norborgland.

Prosjektgruppa i Norborg Fleirbrukshall

Norborg/BIL2 sanka færrast kort

Norborg/Brattvåg2 fekk færrast kort i årets 5. divisjon med sine 18 gule. Eitt mindre enn Blindheim. Hovdebygda fekk flest kort med sine 34 gule. Sæbø fekk flest raude kort og kjem på botn i fair play-tabellen om vi gir 1 poeng for kvart gule og 3 poeng for kvart raude.

LagGuleRaudePoeng
Norborg/BIL218018
Blindheim19019
Herd222125
Volda222125
Langevåg27027
Ellingsøy29132
Skodje29132
Fjørtoft27233
Hovdebygda34034
Stranda31134
Guard31237
Sæbø28440